HØYR!

Reagerer på konsesjons-avgjerd

9. februar 2024

25,5 millionar kroner er ein edrueleg pris for ein gard på Høg-Jæren.

Jærbonde Ronny Skårland, reagerer sterkt på prisreduksjonen som politikarar i Hå kommune tvinga fram i saka om konsesjon på ein gard på Høg-Jæren nyleg.

Jane Brit Sande

– Skal folk på eit kommunekontor bestemme kva ein gard er verd, spør han retorisk.

Eit ungt par vil kjøpa garden det er snakk om, til 25,5 millionar kroner – ein halv million kroner over takst. Det meiner Hå-politikarane at er ein for høg pris, og løyver konsesjon berre om prisen blir redusert til 20 millionar kroner.

– 25,5 millionar kroner er ein edrueleg pris for ein gard på Høg-Jæren, seier Skårland.

Med garden følgjer det mjølkekvote på 350 tonn, lausdriftsfjøs frå 2007, maskinhus, og bustadhus. Eigedomen er på 484 dekar, av dette 370 dekar fulldyrka jord.

– På Jæren er prisen på kjøp av jord på open marknad kring 20 000 kroner per dekar. I denne taksten er prisen sett til 14 000 kroner per dekar. Mjølkekvoten er også prisa ned i taksten. Der er den vurdert til 12 kroner literen, medan marknadspris i Rogaland no er på 17-18 kroner, seier Skårland.

I grunngjevinga til kommunedirektøren og politikarane kjem det fram at det vil vere naudsynt med ekstern inntekt for å betena lån til finansiering av avtalt kjøpesum. Dette er i strid med konsesjonsloven sine prinsipp om at berre garden og tilhøyrande ressursar skal vera grunnlag for kjøpesum.

– Hadde me hatt dei tre kronene per liter mjølk meir – som jærbøndene nyleg retta krav om – så hadde denne konsesjonssøknaden gått i boks, seier Skårland.

Han meiner at politikarane si prisjustering heller sender feil signal om behovet for betre lønsemd i landbruket.

– Dette fortel politikarane i Oslo at me ikkje treng betre lønsemd i landbruket og betre betalt for varene våre. At dei som har investert i bruka sine, har gjort noko dumt. Det er ikkje sikkert dei får desse pengane att. Me set berre ned prisane på eigedomane, slik at drifta går rundt likevel, seier han.

På Jæren er driftseiningane store, og gjelda hjå mange høg.

– Verdien av eigedomane betyr sjølvsagt mykje, seier Skårland.

– Kva viss bonden blir arbeidsufør? Kva viss gjelda er høgare enn konsesjonsprisen? Det vil gå utover etterkommarane, seier han.

– Ein bonde som sel garden skal framleis vere gjeldfri etter at han har kjøpt annan bustad, slår Undheims-bonden fast.

Skårland reagerer også på at det i utvalet som har handsama saka, sit fleire bønder.

– Det overraskar meg. Dei har i praksis sett ned prisen hjå seg sjølve, seier han.

Sjølv driv Skårland i båsfjøs og har fjøsteikningane klare. Estimert kostnad er sett til 18 millionar kroner.

– Eg fryktar at denne avgjerda vil ha påverknad på mine samtalar med banken om finansiering, seier han.