HØYR!

Regelverket ei kjempehindring

Foto: Colin Eick

Det er eit potensial her, som det er synd at me ikkje kan bruka.

Forbodet mot sal av eigenprodusert øl og vin er eit kjempehinder for satsinga på landbruksturisme, meiner Ingeborg Lindheim.

Bothild Å. Nordsletten

Bondevennen treffer Lindheim i Berlin, der ho representerer Telemark under Grüne Woche. Potensielle turistar får smake av cideren og ølet ho produserer på frukt og bær frå garden heime i Gvarv. Lindheim merkar aukande pågang av besøkjande på garden.

– Dei satsar me på. Me prøver å gi dei ei god gards- og smaksoppleving. Då er det synd at eg må senda langvegsreisande ein annan stad for å få tak i dei beste og prisløna produkta våre, seier ho.

Lindheim viser til regelendringa frå i fjor som opnar for gardssal av eigenproduserte alkoholhaldige drikker opp til 22 prosent – ei regelendring som har kome særleg ciderprodusentane til gode. Problemet er at regelverket berre gjeld for drikker basert på honning og frukt. Ikkje for ølet Lindheim også lagar, som er basert på malt. Ei heller for vindruene på nabogarden.

– Eg lagar fleire produkt som er like sterke, men dei som er basert på anna enn frukt og honning har eg ikkje lov å selje. Ingen av turistane kan då ta med seg den spesielle surølen, som me byrjar å bli mest kjent for. Då avgrensar salet seg. Eg har lyst til å kunne både servera ølet, og selja det etterpå.

– Reglane er endra for cider. Kvifor kan dei ikkje gjera det for andre produkt, spør Lindheim.

Ho meiner Noreg har verdas beste alkoholpolitikk og skryt av fagkunnskapen til Vinmonopolet, som ho slettes ikkje vil til livs.

– Eg ynskjer ikkje fri flyt. Men me opplever ei enorm endring i matkultur og drikkekultur, og regelverket held ikkje tritt. Det er gammeldags og eit kjempehinder. Dersom me skal utvikla turistkonseptet og få folk til å besøka perlene som satsar på lokalmat og servering, så må folk få ta med seg suvenirar. Salet av ei spesialflaske på garden gjer at eg sit att med meir pengar – medan folk sit att med ei god oppleving frå garden.

– Eg meiner det bør kunne opnast for å gi dispensasjon til at gardsprodusentar som oppfyller visse kriterium, skal få lov til å selja klasse to-produkt også basert på druer og malt, seier Lindheim.

– Dette gjeld jo ikkje så veldig mange. Me blir brukt i nasjonal marknadsføring, og regionalt av Visit Telemark. Alle framhevar det fantastiske som skjer på gardane no. Men då må dei leggja til rette for at det skal gå bra for oss. Oppfordringa går til stortingspolitikarane. Det er eit potensial her, som det er synd at me ikkje kan bruka.