BV-KOMMENTAR:

Revolusjon? Ja takk!

28. august 2021

Frå volum til areal: Dei tre moglege regjeringskameratane, SV, Ap og Sp, vil flytte tilskot frå volum til areal og innføre eit driftsvansketilskot for bratt og vanskeleg areal. Illustrasjonsfoto.

Å tette inntektsgapet er ikkje mogleg utan å endre landbrukspolitikken. Spørsmålet er kva samfunnet er villig til å betale for trygg mat og nok mat på bordet.

Liv Kristin Sola

Inntektsgapet mellom bonden og industriarbeidaren skal tettast. Til det trengst det ein enorm politisk vilje og mobilisering. Politikarane må evne å sjå landbruket i ein større samanheng og forstå verdien av norsk matproduksjon. Dei må forstå at beredskap handlar om sjølvforsyning, ikkje om handelsavtalar og import. For sjølv med milliardar på bok, er det ikkje Norge som står øvst på prioriteringslista den dagen verdas stormakter ikkje får tak i nok mat til eiga befolkning. Sjølvforsyning er altså i høgste grad sikkerheitspolitikk.

Grådige kameratar

Bonden er sjølvstendig næringsdrivande. Men til skilnad frå andre i same kategori, er bonden ikkje i posisjon til å bestemme prisen på eigne varer. Det er det staten som gjer. Når utgiftene aukar, står inntekta stille.
Å tette inntektsgapet utan å endre landbrukspolitikken kan vise seg å bli ein evig maraton. Det hjelper lite å auke inntekta om utgiftene aukar endå meir. Internasjonale prisar rår me lite over. Og får bonden nokre kroner ekstra i lommen, står dei mange som «lever av» bonden i kø for å sikre seg ein del av kaka. Er det pengar til overs, kan det freiste å betale endå litt meir for kvote og jord. Bonden er sin eigen verste fiende.

Landbruk på dagsorden

Bondeopprøret har tvunge politiske parti til å sette landbruk på dagsorden i valkampen. Og skal vi tru opprørarane sjølve, er det venstresida som i størst grad har teke signala. Det handlar ikkje berre om auka inntekt, men ei erkjenning av at auka inntekt for bonden krev ei ny retning for landbrukspolitikken.
I førre nummer av Bondevennen kunne du lese om politisk debatt på Kråkeroestaulen i Rauland i Telemark. Bonde- og småbrukarlaga i Vest-Telemark og Telemark utfordra Nils Kristen Sandtrøen frå Arbeidarpartiet, Torgeir Knag Fylkesnes frå SV og Geir Pollestad frå Senterpartiet til debatt om nettopp ny landbrukspolitikk.

Meny a la inntektsløft

Dei erfarne politikarane er samde om at politikken må endrast dersom inntektsgapet skal tettast og økonomien for dei aktive bøndene skal bli varig styrka. Landbruk i heile landet og auka bruk av norske ressursar er overordna, og inntekta skal aukast for alle bruksstorleikar, produksjonar og landsdelar.
Menyen er som følger:

  • Redusere kvotetak for mjølk og seinke tilskotstaket.
  • Auke tilskot til dei første dyra for å styrke økonomien til dei minste bruka.
  • Dreie tilskot frå volum til areal.
  • Finne betre verktøy for å sikre marknadsbalanse for å unngå overproduksjon.
  • Styrke tollvernet.
  • Regulere matvarekjedene.
  • Investeringsstøtte.
  • Opptrappingsplan for å få fleire, ikkje færre bønder.

Strategiane for korleis dette skal løysast er alt anna enn enkle. Og utan politisk vilje skjer det lite. For det vil koste.

Trøblete kvotetak

Å finne ein politikk som både gagnar dei som tok Listhaug på ordet og investerte tungt, og mindre bruk som tel på knappane, er utfordrande. Geir Pollestad (Sp) ser føre seg ei deling: Styrka tollvern og regulering av daglegvarekjedene for å sikre ein høgare pris i marknaden for dei store, og meir målretta ordningar, spesielt knytt til areal, for dei små.
Det er lett å vere samd med Nils Kristen Sandtøen (Ap) om at dagens kvotetak på 900 tusen liter mjølk har lite med norsk natur å gjere. For ku, men særleg for geit. Kor mange geiter som må til for å produsere kvotetaket er det vel få som har rekna på.
Dagens kvotetak passar også dårleg med målet å om bruke meir beite og utmark, og hindre attgroing. Beite har ein udiskutabel eigenverdi, men er ikkje minst avgjerande i klimadebatten. Skal næringa klare å argumentere for kua i eit klimaperspektiv, er det heilt avgjerande at dei er å sjå på beite – over heile landet.

Sjølvforsyning er altså i høgste grad sikkerheitspolitikk.

Liv Kristin Sola

Paradokset overproduksjon

Dei potensielle regjeringskameratane vil flytte tilskot frå volum til areal. I tillegg vil dei styrke seterdrifta og innføre eit driftsvansketilskot til bønder som får det til å spire og gro der det er bratt, blautt og bale. Dette er avgjerande for å sikre landbruk i heile landet, skal me tru Torgeir Knag Fylkesnes (SV), som vil ha tunge tilskot for å sikre drift av denne type areal.
SV-nestleiaren vil også skjerpe krava til bu- og driveplikt, samt seinke arealgrensa for konsesjon. Målet er fleire bønder, ikkje færre. Men skal det bli fleire bønder må nokon produsere mindre. Utan eit betydeleg styrka tollvern er det fare for overproduksjon og prispress. Landbruket treng difor betre verkty for å balansere tilbod og etterspurnad.
For det er eit paradoks, at sjølv med dagens inntektsnivå slit husdyrnæringa med overproduksjon på det meste, så nær som storfekjøt. Eit realt inntektsløft, utan produksjonsreguleringar, kan bli dramatisk med tanke på marknadsbalanse for husdyrproduksjonane – og inntekta til bonden.

Ord og handling

Skal me tru Fylkesnes, er det mange av dei som har investert tungt, som gjerne vil ned i volum. Dei vil ha eit liv, ikkje berre jobbe. Med gode ordningar for avskriving, samt gjennom å avgrense utleige av jord og kvote, vil han legge til rette for at dei kan redusere volumet utan å tape økonomisk. Det gir rom for nye bønder. Og dei skal helst vere små, i alle fall mindre, seier politikarane våre.
Men realiteten er annleis. Dei bruka som har fått støtte frå Innovasjon Norge, altså staten, til å finansiere fjøs til under 20 kyr, kan reknast på få hender. Med mindre dei har millionar på bok. IN har ikkje mandat til å støtte prosjekt som ikkje er lønsame i seg sjølv. Eit moderne fjøs til femten kyr er ikkje det, i alle fall ikkje slik me bygger dei i dag.
Og det er her det vert krevjande. Næringa må tora å snakke om deltidsbonden. Men også deltidsbonden må bli i stand til å investere og modernisere. Då må inntekt utanfor bruket reknast inn i kalkylane på mindre bruk. Noko anna er ikkje realistisk.

….for ikkje å snakka om kjedene

Ein debatt om inntekta i landbruket kjem ikkje utanom daglegvarekjedene. Fylkesnes vil ha slutt på eigne merkevarer, kjedene skal ikkje få vere grossistar, eller ha sin eigen distribusjon. Pollestad vil ha meir innsyn og openheit, ikkje minst om innkjøpsprisar. Men som han klokt understrekar: – Eg vil lyge om eg sa at dette blir enkelt.
På same måte som at me ikkje kan oppretthalde oljenæringa for oljearbeidaren si skuld, kan me heller ikkje oppretthalde landbruket for bonden si skuld. Men landbruket må oppretthaldast for det norske folk si skuld. Mat er beredskap. Skal me klare å auke sjølvforsyninga treng me fleire, ikkje færre bønder. Me treng motivert ungdom inn i landbruket, og me treng deltidsbonden og mangesyslaren. Og me treng ein revolusjon for norsk landbrukspolitikk.