HØYR!

Rutinane fungerer

13. mai 2022

Me har eit oppegåande system her til lands.

Utbrot av fugleinfluensa og salmonella til tross. Du kan framleis eta biff tartar og rå egg i Norge, seier Per Inge Egeland.

Sjur Håland

– Overvakingssystema og handteringsrutinane er så gode at smittespreiinga blir stoppa før befolkninga blir utsett for noko som helst fare, seier han.

Førre veke meldte avisa Nationen at Mattilsynet har påvist salmonella i ei svinebesetning i Rogaland. Den gjeldande besetninga saman med seks kontaktbesetningar er i skrivande stund bandlagde.
Per Inge Egeland er bonde i Årdal i Ryfylke og styreleiar i Norsvin. Han skryter av Mattilsynet og slakteria sitt overvakingsprogram som fangar opp smitte på individnivå på eit tidleg tidspunkt.

– Me har eit oppegåande system her til lands. Dermed blir konsekvensane i kjølvatnet av eit slikt utbrot avgrensa totalt sett.

Salmonella er ein sjeldan bakterie å finna i mat som blir produsert i Norge. Egeland seier at bakterien er blant dei som ein ikkje vil ha her i landet.

– Nå blir det vesentleg å finna ut av korleis besetningane har blitt smitta, for å tetta eventuelle smotthol og unngå fleire tilfelle.

For, om norske grisehus er ganske så tette, med god smittevernpraksis, kan likevel smitte lura seg inn i ei besetning.

– Til dømes via ville fuglar, seier Egeland.

Han seier Norsvin har eit konstant stort trykk på arbeidet med smittevern ute i besetningane.

– Svinebøndene skal vera konstant skjerpa. Det er me vane med. Haldningsarbeidet går føre seg heile tida. Med stadig fleire SPF-besetningar blir grisen friskare og smittevernet enda betre. Det er ikkje snakk om å stenga husa for besøkjande, men me skal vita kven som er på besøk og kor dei kjem frå.

Det kan gå år mellom kvar gong det dukkar opp salmonellasmitte i ei norsk besetning, seier Egeland.

– Men tid om anna blir me råka. For svineprodusentane som får smitten, er det nedslakting og sanering som må til. Noko som sjølvsagt er tragisk og dramatisk for dei det gjeld.

– Kor alvorleg er eit utbrot som dette for svinenæringa samla?

– Næringa har utarbeidd gode rutinar på korleis ein best mogleg skal handtera smitteutbrot på gardsnivå. Dette tilfellet vil nok best visa att med noko mindre råstoff til marknaden ein periode.

Egeland peikar på at norsk dyrehelse er i verdstoppen. Grisen er ikkje noko unnatak.

– Norsvin har arbeidd med dyrehelse i seksti år. Det har vore vel anvendt tid, me har ein svært god helsestatus i dag. Den skal me bygge vidare på, seier han.