KJØKKENHAGEN

Så mykje lukke!

Frå sauefjøset: «Sauepertar» er snadder i kjøkkenhagen. Savoykålen held seg enno fin og grønkålen kjem med nye blad i toppen.

«At det går an å bli så glad av møkk», sa mannen min. Eg gliste frå øyre til øyre mens eg fordelte gammal hestemøkk på toppen av beda i Leikeplasshagen.
Eg er så heldig at eg får henta på dunga til ei gild dame på Tasta, som har hest og høner. Møkk og møkk, det er like mykje flis ispedd urin, som ho har grove ut frå stallen.
Men det blir glimrande jorddekke.
Kan jo ikkje la jorda liggja bar. Lauvdekket eg la på i haust, er mest oppete av jordlivet/kompostert. Jo meir eg matar meitemarkar og synlege og usynlege kryp i jorda, jo svartare og meir næringsrik jord får eg.
Ikkje rart eg blir glad!

Frå stallen: Så nøgd over å kunna henta sekkevis med møkk/flis utgroven or stallen til ei gild dame på Tasta.

Godsaker

Og bak garasjen hadde eg ståande ein skatt: Fem sekker med tørre «sauapertar» som eg har fått av bror min, Ståle Ueland, bonde på Ualand i Heskestad i Lund. Er jo det beste av alt.
Godsakene blei fordelte på dei to beda på til saman 24 kvadratmeter i min eigen hage.
Herleg å få dette gjort i februar på bar jord. Eg gjorde det same i februar i fjor, og då var det omdanna til feit moldjord i mai.
«Du må ikkje trø eller grava i jorda nå», sa bror min tydeleg frå om. Klart eg ikkje gjorde det! Beda er ikkje større enn at eg kan stå på kvar side og jamna ut møkka med ei rive.

Våryr

Glad – eg blir overlukkeleg av slikt arbeid. Også fordi eg trivst betre utandørs enn innandørs, og elskar å ta kroppen i bruk. Kjenna vårsola varma i fjeset, og vinden ruska i håret.
Og sjå der på plenen! Dei fyrste lilla krokusane! I staudebedet: Kvite klosterklokker og burgunderraude juleroser. Og trur du ikkje grønkålen kjem med nye grønkrusete blad i toppen!

 

I toppen av epletreet: Slik! Nå har eg klyppa av alle «pinnane» som peika rett opp.

Drivhusvask: Drivhussesongen startar med reingjering.

Mold av avfall

Neste prosjekt: Spa om pallekarmar. Eg brukar to pallekarmar oppå kvarandre. I haust fylte eg den nedste med planteavfall (lauv, avblomstra somarblomar, avkapp frå kjøkkenhage og staudebed) og den øvste med grov kompost. Koss såg det ut nå?
Stor spenning: Lyfta av den øvste karmen og sette spada i jorda. Som å spa i svart «smør», feit og god jord. Lukke! To trillebårer og alt eg hadde av baljar og bøtter vart fylte.
Den nederste karmen fylte eg så med lauv, hestemøkk (møkk som hadde lege på jordet i eit års tid) og halvt omdanna kompost frå varmkompostbingen. I den øvste pallekarmen tippa eg eit trillebårlass utgraven jord. Eg gler meg til å planta ut til våren!
Dermed hadde eg mykje til overs. Det vil koma godt med når eg skal potta om småplantar utpå våren.

Epletre

Frå toppen av epletreet strittar nokre «pisker», – dei må vekk. Eg har sagt det før, men seier det på ny: Om du bare skal planta ein ting i år: Plant eit epletre! Så mykje glede for så lite arbeid.

Klar til å så!

I år har eg hatt is i magen og ikkje falle for freistinga til å så i januar og februar (forkultivering). Ein februardag solstrålane lyste og lokka, røyk eg meg heller ut på å vaska drivhuset. Alt må jo vera reint og fint til sesongstart.
Eg bar inn på såkassar og bøtter og baljar med mold. Eg må jo bare planta noko! Eg tråkkar avgarde til nærmaste hagesenter og kjem heim med gule og oransje ranunklar og små blålilla stemorsfiolar. Må jo pynta litt i drivhuset!

Kjøpte sjølvsagt også nokre nye frøposar … Den 1. mars skal eg så! Jippi!

 

Ranunklar: Eg er så glad i dei!

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka: