HØYR!

Samvirke frontar sentralisering

Foto: Stortinget

Dekk og diesel er ein føresetnad for at me skal ha ein lønsam matproduksjon her til lands.

Terje Halleland vil ikkje kritisere dekk og diesellandbruket. Tvert om. FrP-politikaren meiner det er avgjerande for lønsemd i næringa.

Liv Kristin Sola

Terje Halleland vil ha slutt på kritikken som ofte vert retta mot dei såkalla dekk og diesel-bøndene. Under ein jordbruksdebatt i Stavanger nyleg, slo han attende mot kritikken. Han meiner landbruket sjølv, med samvirka i spissen, er ein pådrivar for nettopp den sentraliseringa som fører til meir køyring og drivstoffbruk.

– Det er lett å kritisere enkeltbønder og gløyme at bonden sine eigne selskap gjer akkurat det same; sentraliserer og aukar avstandane og transporten. Nettopp fordi det løner seg, seier Halleland.

Som eit døme viser han til eggprodusenten i Finnmark som kjøper kraftfôr frå Trøndelag og sender egga sine attende til Trøndelag for pakking.

– Altså dekk og diesel, seier Halleland.

FrP-politikaren meiner det er ønsketenking å tru at utviklinga kan snu. For det er svært krevjande å starte opp att på bruk som allereie er nedlagt.

– Då me overtok landbruksdepartementet i 2013 var det allereie ei rekordstor nedlegging av bruk. Skal jorda haldast i drift må me legge til rette for at naboen kan overta og bli større. Me må heie på dekk og diesel-landbruket. Alternativet er at jorda på desse bruka går ut av drift, seier Halleland.

Han meiner FrP i posisjon førte til auka investeringslyst og ei dobling av tal heiltidsbønder.

– Heiltidsbonden er ryggrada i landbruket. Dekk og diesel er ein føresetnad for at me skal ha ein lønsam matproduksjon her til lands, seier Halleland.

At heller ikkje store bruk ser ut til å klare å drive lønsamt meiner han skuldast at bonden er avgrensa av reguleringar og politikk. Halleland går langt i å skulde samvirka for å stikke av med for mykje av verdiskapinga, og at bøndene lar det skje.

– Landbruket står fram som ein pyramide kor ingen torer å rokke ved klossane av frykt for kva som skal skje med pyramiden, seier han.

Halleland meiner det er på høg tid at marknadsreguleringa vert utfordra, nettopp av bøndene sjølve.

– Eg ville begynt med reguleringslagera. I staden for å jobbe for auka sal, blir varer lagt på lager. Det har blitt ei sovepute som bøndene betaler dyrt for, seier han.

Politikaren meiner næringa er best tent med minst mogleg politisk innblanding.

– Eg har ingen tru på at me kan redde landbruket ved å auke den statlege overføringa og gjere bonden til lønsmottakar. Det blir utopi, seier han, men tek likevel til orde for å styrke kanaliseringspolitikken gjennom aktiv politikk.

– Kanaliseringspolitikken er overordna og må styrast politisk. Men verdikjeda skal me politikarar halde oss langt unna, seier Halleland.  

Del denne artikkelen