HØYR!

Ser lys i horisonten

21. desember 2022

Me må få inn att straumstøttetaket på 60.000 kWh

– Det har vore krevjande for bøndene å planlegga noko som helst dei siste åra, men nå ser det lysare ut i horisonten, oppsummerer Irene Tjøstheim Finnestad.

Sjur Håland

Organisasjonssjefen i Rogaland Bondelag har stått midt i hendingane også gjennom dette året som no ebbar ut. Heime driv ho og mannen med egg, mjølk, poteter og korn. Ho seier at bøndene har stått i ein ekstrem situasjon prega av kostnadsauke og uvisse heilt sidan starten av pandemien.

– Det byrja for alvor hausten 2021 då kostnadane verkeleg byrja å ta av. Resultatet vart tilleggsforhandlingar med staten og eit ekstra tilskot på 750 millionar kroner ut på vinteren.

Ei ekstra prisløype på landbruksvarer utan målpris kom i februar for å kompensere noko for kostnadsauken.

– Den hjelpte på den utfordrande likviditeten.

Så steig prisane på kraftfôr, straum, gjødsel, byggevarer og diesel ytterlegare.

– Straumstøtta på 20.000 kWh var svært nyttig, men taket vart fort nådd hjå dei med grønsaker til lagring og stor husdyrproduksjon. Letta var difor stor då taket vart hevja til 60.000 kWh i september.

Gleda varte ikkje lengje. Statsbudsjettet legg opp til at støtta blir redusert til 20.000 kWh frå 1. januar.

– Dette er rett og slett kritisk for dei som nå blir råka. Her skal me stå på for å få styresmaktene til å løfta taket att.

Tjøstheim Finnestad seier at resultatet av jordbruksforhandlingane i vår kunne sjå ut til å vera ein all time high.

– Men mykje av auken var i realiteten kostnadskompensasjon for året før.

Kostnadskompensasjonsutbetalinga i september var eit resultat av dei ordinære jordbruksforhandlingane.

– Denne vart nok oppfatta som låg sidan ein del av kompensasjonen skal takast ut i marknaden, men når utbetalinga som følgjer i februar 2023 kjem attåt, vil det bidra til å betra likviditeten monaleg hjå mange.

Nytt talgrunnlag skal på plass for å sikra at bøndene si inntekt kjem på nivå med andre. Gryttenutvalet sin rapport er på høyring.

– Alt før dette arbeidet er ferdig har me fått inn at leigeutgifter til jord og mjølkekvote skal inn som ein kostnad. Det har justert ned inntekta med 50.000 kroner per årsverk, noko som må seiast å vera positivt.

– Kva med året som kjem?

– Med alt som skjer av endringar nyttar det lite med ei glaskule. Framforhandla varig auke i tilskota er blant det positive. Så må me jobba hardt for å få marknaden i balanse og lande ein god jordbruksavtale til våren.

– Stemninga?

– Todelt. Ein del slit med likviditeten. Me må få inn att straumstøttetaket på 60.000 kWh. Utbetalinga i februar vil hjelpa på. Så skal eit nytt talgrunnlag på plass. Bondeinntekta skal opp på nivå med andre. Det er heldigvis lys i horisonten.