MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Sett pris på havren!

28. mai 2021 | Dessutan

Havre er populært, men potensialet i den gamle sikringskosten er ikkje tatt heilt ut.

Åsmund Bjørnstad
er professor emeritus i planteforedling ved NMBU og leiar i Norsk Havreforening. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Havre har blitt dyrka her i landet i snart 3000 år. Sverre Bakkevigs funn på Forsandmoen i Rogaland syner at den tok over for kveite og naken bygg då den varme bronsealderen gjekk mot slutten kring 500 f.Kr. Og havren kom for å bli. Om enn mindre nemnt enn bygg, rekna landbrukshistorikaren Sigvald Hasund at havren «har vore matkornet i dei vestlandske kystbygdene til alle tider.» Evna til å tole kjøleg og vått vêr har ofte vore framheva, men kanskje Per Sivle tek det meir på kornet i diktet om Erling Skjalgsson: Og Havren han voks, der Lyngen han gjekk. Havrens evne til å tole sur jord var like viktig.
Det var kanskje òg tilfelle der brorparten av norsk havre blir dyrka i dag, langs svenskegrensa frå Elverum og sørover. Havren er elles viktig for vekstskiftet i einsidig korndyrking, ettersom den har lite felles sjukdomar med «syskenbarna » bygg, rug og kveite.

Kvaliteten tel

Er så havre eit matkorn i dag? Spørsmålet kan synast meiningslaust. Les vi ikkje stadig om kjendisar som et seg sunne på havregraut? Og statistikken er med dei. Kvar av oss et stadig meir havre som mat, no gode sju kilo gryn i året. Fibrane (betaglukanar) er gode for fordøyinga, dei gjer oss mette lenger, dempar blodsukker og kolesterol og motverkar på sikt både sukkersjuke og hjarte/karsjukdomar. Norske Felleskjøp reknar med 41000 tonn mathavre i år, heile 14 prosent av avlinga på 294 000 tonn i 2020. Vi er sjølvforsynte – for første gongen på 15 år! – mot nær 2/3 import i 2019 og 2020. Kvifor?
Havre til gryn krev nemleg kvalitet, liksom kveiten til brød. God grynhavre skal ha høgt innhald av det som på møllespråket heiter «marv», det vil seie merg eller marg på dagens norsk. Det er sjølve kornet som, når agnene er fjerna, blir valsa til gryn. Dessutan krevst det høg tusenkornvekt. Småfalne korn med for liten marg til å bli gryn, utgjer ofte seks-åtte prosent. I 2018 førte tørken til låg avling, og mange småfalne korn til stor import både som mat- og såkorn, medan havren i 2019 blei småkorna av fritfluge. I tiåret før førte ofte for mykje soppgifter (mykotoksin) til import.

Kva er god havre?

Men der brødkveite blir betalt for bakeevne (falltall og protein), finst ikkje formelle krav til mathavre (eller matbygg), havre er havre. Så må havremøllene finne det som er best. Berre Fiskå Mølle i Moss (som leverer til Lantmännen), be talar 20-23 øre kiloen for god vare dyrka på kontrakt. Etter problema med soppgifter blei havreprisen kring 2012 sett ned til fem øre/kg under bygg. I fjor blei dette minka til to øre, og Norsk Havreforening tilrår å fjerne den toøringen i år.
Norsk Havreforening har derfor spelt inn til jordbruksforhandlingane å formulere krava til god «mathavre» og ta til å betale deretter. Svaret ligg nemleg i å sortere dei 85 prosenta som elles går som anonym «fôrhavre». Få mottak er utstyrt for dette i dag, men med enkle maskinar som sorterer etter eigenvekt i ein luftstraum, kan ein enkelt fjerne lettkorn og oppnå mathavrekvalitet. Dette kan bonden gjera sjølv. Havreforeningas Karstein Brøndbo testa i vinter anlegget til gardbrukar Dag Sæther i Sørum. Dei sorterte to tilfeldige havreprøver, med lovande resultat.
Sorteringa skilde dessutan ut spiredyktig såkorn (og korn med minst mykotoksin, om prøvene hadde hatt det). Lettkorn er nemleg ofte det fordi dei er infiserte og dermed har dårlegare spiring. I eit fleirtal av dei siste 15 åra har det òg mangla sertifisert såkorn i havre, så vi har måtta importere også det. Dermed har vi ikkje hatt nok av dei nye sortane som er mindre utsette for soppgifter.

Viktig å sortera

Først i 2021 er såvareforretningane på høgde med denne situasjonen. Kort sagt, sortering er vinn-vinn. Dersom dyrkarane får betalt, kan dei sikre matkvaliteten i normale år og spireevna i dårlege. Ved å lagre på garden, bidrar dei til beredskapen for begge. Inntil vidare vil vi òg mangle mottak med siloar til anna matkorn enn kveite og rug. Ingenting av dette skjer utan at havren, liksom brødkveite, blir betalt etter kvalitet som mat. Som hjelp i rådgjevinga, har Havreforeninga begynt å bygge opp ein erfaringsdatabase frå havredyrkarar landet rundt.

Undervurdert?

Men kva med storparten av havren, som går til fôr – blir ho nytta optimalt? Ulempa er at havre inneheld meir ufordøyeleg skal og dermed mindre energi til einmaga dyr enn bygg og kveite. Dette blir i nokon grad vege opp av meir feitt, som (avhengig av sorten) ligg på fireseks prosent, mot vel éin prosent i bygg og kveite. Naken feittrik havre er derfor i andre land brukt til fjørfe og travhestar. Til drøvtyggarar skulle ikkje skalet i seg sjølv ha noko å seie, men på grunn av energiverdien vik ofte havren for bygget i kraftfôret. I praksis fører låg kvalitet på grovfôret og billige importerte tilskot til mindre havre.

Kyr med havremjølk?

Men her er forsøk som tyder på at havren er undervurdert. Professor Asmund Ekern (1930-2015) jamførte bygg og havre som fôr til mjølkekyr. Havre gav meir mjølk, med litt mindre feittprosent enn bygg. Men feittet var sunnare: Oljesyra (C18:1) auka markert, medan palmitinsyra (C16:0) minka. Særleg den er suspekt og no tilrådd redusert i mjølkeprodukt. Havre med mykje feitt forsterka denne effekten, utan nedgang i feittprosent. Kanskje utgangspunkt for ei eiga produksjonsline for «havremjølk» («Havremelk » er jo opptatt)? At feittet dessutan verkar til mindre utslepp av metan, vart ikkje rekna med den gong.
Og her er meir. I bladet Norsk Landbruk 31.mars 2021 kunne vi lese om forsøka med «alkalisert havre» til mjølkekyr, levert av gardbrukar Erlend Røhnebæk på Gjølstad gard i Solør, i samarbeid med Tine Rådgjeving. Resultata syner ein auke på 1,5 kg mjølk om dagen, med 0.1 prosent pluss i feitt. Lovande resultat er òg funne i geit. Det skal bli spennande å følgje desse forsøka vidare.