HØYR!

Sjå til Dalane!

2. desember 2022

Alternativet hadde vore å samla avfallet i dynger på løa eller ute i vekevis.

Strategisk plasserte konteinarar har gjort det lettare for bøndene i Dalane å bli kvitt plasten og halda det ryddig rundt dørene. – Sjå til Dalane. Dette må det vera råd å innføra også på Jæren og i andre kommunar, seier Egil Svela.

Sjur Håland

Bjerkreimsbuen Egil Svela har lang fartstid i landbruket. Utanforståande kjenner han kanskje best som ein av kommentatorane i fjernsynsserien om Arvid Mæland, på kafeen i Vikeså. Sauebonden har alltid hatt eit stort engasjement i landbruket sitt organisasjonsliv, og har visst å seie i frå om noko skurrar. No vil han skryta av noko som går godt.

– Når eg gjennom annonsar i Bondevennen ser korleis dei har det i jærkommunane med plastinnsamlingar to til fire gonger i året, vil eg gjera merksam på at me i Bjerkreim og Egersund og Sokndal har eit heilt eineståande system for avfallshandtering.

Han seier at bøndene kan levera landbruksplast kvar veke på avfallsstasjonane til det interkommunale avfallsselskapet Dalane Miljøverk (DIM) på Vikesdal, Tengsareid og Rekeland.

– Heilt topp. Dei som vil kan kasta plastavfall kvar einaste veke heilt gratis. Eg har eit inntrykk av at svært mange bønder i Dalane nyttar seg av dette tilbodet. Det er så enkelt. Det er berre å fylle i konteinaren direkte frå traktortilhengaren eller skuffa.

Sjølv leverer han til avfallsstasjonen på Vikesdal i Bjerkreim.

– Betjeninga der er heilt eineståande.

Alt av avfall kan leverast. Rundballeplast og annan plast i kvar sine konteinarar. Også trevirke, metall, eller ein utsliten vaskemaskin.

– Sortert avfall er gratis å levera, medan du sjølvsagt må betala om du leverer restavfall, seier han.

Særleg er han glad for at det er mogleg å levera plast.

– Alternativet hadde vore å samla avfallet i dynger på løa eller ute i vekevis. Då har det lett for å gli ut, med rot og plast på avvegar.

Bøndene bruker traktor når avfallet blir levert. Svela seier at avstanden frå gardane til avfallsstasjonane er overkomeleg.

– For bøndene i Bjerkreim vil eg ikkje tru det er særleg mange som må køyra meir enn ei lita mil for å levera. Det er til å leva med. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det ligg mindre avfall rundt om på gardane i Bjerkreim enn det gjorde før.

– Men 4H og andre som står bak innsamling av landbruksplast på Jæren har ei grei inntektskjelde?

– Ja, det vil eg tru. Men den store ulempa er at bøndene må lagra den brukte plasten på garden over lang tid. Det er ei kjempestor utfordring.