HØYR!

– Sjekk at husdyra har drikkevatn!

23. juni 2023 | Dessutan

For lite vatn er eit gjentakande og alvorleg problem.

Plantene har hatt lite vatn denne føresommaren. Det same gjeld forhåpentlegvis ikkje for husdyra på garden.

Sjur Håland

– Ver på tilbodssida og pass på at dyra dine får nok vatn. Det gjeld kvar dag året rundt, og er ikkje minst særs viktig nå i sommarvarmen, seier tidlegare KSL-revisor Martin M. Haarr, som no driv rådgiving til bønder gjennom sitt eige firma, Agri Råd.

Han minner om at vatn er det viktigaste fôrmidlet til husdyr, og at ei mjølkeku treng mellom 80 og 150 liter friskt og reint vatn per døgn. Kua treng tre liter vatn for å produsera éin liter mjølk. Haarr seier han er i kontakt med veterinærar som uttrykker uro over det dei observerer.

– Det kan til dømes vera kalvar som står i kalvehyttene i solsteiken og gjerne ikkje får meir drikke enn nokre liter mjølk morgon og kveld. Også kalvane må ha tilgang til vatn for å trivast og for å ta til seg kraftfôr og stråfôr. Dette handlar om både dyrevelferd og økonomi.

Beitedyr på grønn mark under sommersola ser idyllisk ut. Men drikkekaret kan vera tilskitna og bekken kan vera i ferd med å tørka ut. Haarr oppmodar garden sine folk om å jamleg kontrollera vasskjeldene.

– Det må vera mange nok kar i forhold til dyretalet og du må vera medviten på kor kara er plassert. I tillegg må kara vera reine og ha nok kapasitet.

Kyr er bedagelege. Særleg når det er varmt.

– Er det for lang avstand til drikkekjelda, vil dei kanskje la vere å drikka fram til dei kjem inn. Er det for få drikkekar, kan du risikera at dominante kyr jagar vekk andre i flokken som vil ha tilgang til drikkevatnet.

Den røynde rådgivaren med 22 års KSL-fartstid seier bøndene jamt over er dyktige og har rutinane i orden, men at det i ei travel årstid med mange gjeremål er snart gjort å gløyma seg av.

– Me kan tenkja at det er flautt å purra på noko som er så opplagt som vatn. Det er det ikkje. Enkelte bønder har endatil eigne hugselister i fjøskontor eller andre synlege stadar der dei minner seg sjølv, familien og avløysaren om å sjekka drikkevatnet. Ei slik liste burde alle hatt.

I dyrevelferdsprogramma som om kort tid også involverer sauen, er nok og godt vatn ein viktig del. Vatn er også tema i KSL-sjekklista som skal kryssast ut i eigenrevisjonen.

– Mange bønder irriterer seg over slike spørsmål. Mitt svar har alltid vore at for lite vatn er eit gjentakande og alvorleg problem og ei påminning om at å driva med dyr inneber eit stort ansvar.