HØYR!

Skal bygga berekraft og kutta metan

3. juni 2022 | Dessutan

Foto: Nortura

Men at vi produserer på naturen sine premiss også i dag betyr ikkje at alt er gjort.

Med ny berekraftstrategi skal mellom anna metangassutsleppa reduserast i fabrikkar og fjøs.​

Sjur Håland

– Berekraft handlar også om dyrevelferd, mattryggleik og matsvinn – i tillegg til klima, seier konsernsjef i Nortura, Anne Marit Panengstuen.

Nortura har nyleg lagt fram ein heilskapsstrategi for ein meir berekraftig egg- og kjøtproduksjon i Norge. «Skal vi produsere mat for kommende generasjoner, må vi gjøre det på naturens premisser», seier konsernsjefen i pressemeldinga.

– Kva inneber det, «naturens premisser », til skilnad i frå korleis Nortura-bøndene produserer maten i dag?

– Norturabøndene produserer i stor grad på naturen sine premiss også i dag, men ein del ting må gjerast enda betre framover.

Nortura skal også sjølv redusera utslepp frå eigne fabrikkar. Målet er nullutslepp, understrekar konsernsjefen.

– Berekraftsmåla inkluderer mellom anna redusert matsvinn, bruk av miljøvenleg emballasje saman med andre tiltak.

Panengstuen seier at Nortura vil vera ein sterk pådrivar for å oppfylla både norsk klimapolitikk og FN sine mål om reduksjon av metanutslepp. Utslepp av metan frå drøvtyggarane i primærproduksjonen skal reduserast med 30 prosent innan 2030 – og 50 prosent innan 2050.

– Dette kan sjølvsagt ikkje Nortura gjera åleine, men vi er optimistiske i høve til måla og ønskjer å vera ein sterk pådrivar for å få dette til.

– Men har ikkje med dette slakterisamvirket «kjøpt» påstanden om at kjøt og jordbruk er ein klimaversting?

– Absolutt ikkje. Men at vi produserer på naturen sine premiss også i dag betyr ikkje at alt er gjort. Krav endrar seg med nye generasjonar, noko som også påverkar vår bransje. Vi kan gjera meir, og det ønskjer Nortura å vera ein pådrivar for.

– Kva er ein berekraftig kjøt- og eggproduksjon, slik de vil jobba for, i framtida?

– Vi har naturgitte føresetnadar her til lands for å produsera mykje gras og delvis enkelte kornslag på avgrensa areal. For å vera mest mogleg sjølvforsynt, må vi nytta norske ressursar både i havet og på land best mogleg, for å redusera bruken av importerte fôrråvarer.

– Berekraftsstrategien inneheldt 60 mål for korleis samvirke skal driva meir berekraftig. Korleis har de tenkt å involvera dei 17.000 produsentane dykkar i dette arbeidet?

– Med involvering gjennom for eksempel referansegrupper og påverknad og dialog gjennom ulike kanalar. Heile landbruket samarbeider nå på tvers gjennom Landbrukets Klimaplan. Klimakalkulatoren er døme på eit godt verktøy, og vi håper å få alle med på laget.