HØYR!

Skeptisk til ”Landbruks– og turistdepartementet”

13. august 2021

Foto: Vestland Bondelag

Det er ein spanande tanke.

Reiselivet vil bli ein del av Landbruks- og matdepartementet. – Eg er ikkje overtydd, seier nestleiaren i Vestland Bondelag.

Jane Brit Sande

Norsk reiseliv vil tene på å få eit landbruks-, mat- og reiselivsdepartement etter valet, meiner Beitostølen Resortdirektør Atle Hovi og Bjørnar Hovi. Forslaget får støtte frå Sylvi Listhaug (Frp), les me i denne artikkelen i Horecanytt.no*.
Marianne Nordhus, nestleiar i Vestland Bondelag, er heller avventande til forslaget.

– Det er jo eit interessant forslag, men min første tanke er at eg er skeptisk. Det er svært viktig at ei slik samanslåing ikkje går på kostnad av landbruket, seier ho til Bondevennen.

Men forslaget kan skapa ein naudsynt debatt, trur Nordhus.

– Landbruket og reiselivsnæringa kan nok med fordel knyte seg tettare. Landbruket er grunnstammen i reiselivet, då me er viktige brikker i kulissane som folk reiser til Noreg for å sjå, altså kulturlandskapet vårt, seier ho.

Nordhus trur at eit betre samarbeid mellom næringane kan gi den norske maten ein større rolle i desse kulissane.

– Når eg sjølv reiser på ferie i utlandet, synest eg det er spanande å smaka deira mat. Eg trur folk som kjem til Noreg, og nordmenn som reiser rundt i eige land, vil det same. Der kan me framleis bli betre, seier ho.

Og landbruket står føre store investeringar den kommande tida.

– Dei investeringane er viktige ledd i å halda oppe matproduksjonen og beredskapen. Me investerer også for å halde fram med å ivareta kulturlandskapet. Då kan det vere ein fordel at reiselivet er tettare knytt til oss, seier Nordhus.

Forslaget frå reiselivet peiker på dei positive ringverknadane frå landbruket, meiner nestleiaren.

– Det er ikkje alle som er medvitne på at landbruket er viktige på fleire område enn matproduksjonen, seier ho.

– Men eg er ikkje overtydd om at dette er den rette vegen å gå. Det er heldigvis mange veger til Rom, seier ho.

Trass i skepsisen, vil ikkje Nordhus stenga døra heilt.

– Det er ein spanande tanke. Landbruket bør nok vere litt meir open for alternative tankar og idear, og eg skal vere open for å høyre meir om dette. Blir det aktuelt å diskutera reiselivet som ein del av Landbruks- og matdepartementet, så må det koma fram eit krav om at landbruket blir styrka av denne samanslåinga, seier ho.

*Bransjemagasin for hotell, restaurant, kafé, catering, kantine og institusjon.