HØYR!

Skrik etter poteter

Avlingsprognosane er så gode som dei mest aldri har vore før

– Jærbøndene bør dyrka meir poteter, det er eit nederlag at me ikkje greier å levera nok til Hoff, meiner Arne Vagle, seniorrådgjevar hjå Norsk Landbruksrådgiving i Rogaland.

Sjur Håland

I tillegg til meir potet ønskjer han seg eit betre samarbeid mellom grasdyrkarar og potetbønder.

– På Jæren hadde det vore perfekt om grasprodusentane i større grad hadde bytta jord med potetdyrkarane på deler av arealet år om anna. På den måten hadde me fått eit sårt trengande vekstskifte, mindre sjukdommar og høgare kvalitet. Det hadde vore vinn, vinn for alle partar, seier han.

Hausten ser ut til å gi rekordavlingar på potet på Jæren. Potetdyrkarane smilar breitt for tida og ventar på laglege tilhøve til å koma utpå med haustemaskinane.

– Avlingsprognosane er så gode som dei mest aldri har vore før. Tilbakemeldingane frå dei som alt har hausta tyder på at potetene har hatt det godt i jorda, trass tørkesommaren. Så langt er skalkvaliteten blant det beste me har hatt. Sesongen har vore spesiell. I løpet av mi lange karriere har eg aldri opplevd å ikkje sjå teikn på tørråte før etter 15. august.

Men voluma er langt frå store nok, i følgje Vagle. Han synar til at samvirkeverksemda Hoff SA på Jæren har stort behov for råstoff. Med andre ord fleire poteter.

– Dei nærast skrik etter råstoff, det er eigentleg eit nederlag at me ikkje greier å levera det dei treng til produksjon av ferdig skrella poteter, Fjordland-produkt, anna skrella ferskvare og hermetikk til sine kundar.

Dei tradisjonelle potetene til butikk kan også i større grad koma frå Jæren og resten av fylket, i følgje Vagle.

– Så potetene frå Jæren er ikkje heilt ut i forhold til dei vaska, glatte og strigla knollane frå Austlandet og utlandet?

– Me må nok heile tida supplera med dei penaste potetene frå Austlandet og import. Men poteter frå Jæren, levert i bulk, sekk eller posar, konkurrerer fint i høve til matkvalitet.

– Korleis er lønsemda for potetprodusentane?

– Er du ein dyktig potetprodusent og får til det du skal få til, er lønsemda god, om ein til dømes samanliknar med kornproduksjon. Også i høve til produksjon av grovfôr til sal, kjem potetene godt ut, sjølv om fôrprisane vil variera. Einaste ulempa er at investeringskostnadane er høge om ein vil starta potetproduksjon på bar bakke.

– Kva er største utfordringa i norsk potetproduksjon, slik du ser det?

– Der er å tilby kvalitetspoteter til ei kvar tid. Eg er tilhengar av stort mangfald og vil gjerne ha alle størrelsar og fargar. Forbrukarane skal kunna velja kva dei vil ha på tallerkenen.