HØYR!

– Slepp ungdommen til!

29. oktober 2022

Foto henta frå lauperak.no

Gode råd veg ofte tyngre når dei kjem frå andre enn far og mor.

Arvid Mæland kjem til Agrovisjon for å snakka med ungdommen. – Eit ærefullt oppdrag, seier cowboyen frå Lauperak.

Liv Kristin Sola

Cowboyen og kongen. Om du ikkje har sett programmet om Arvid Mæland på NRK, så har du truleg høyrt snakk om det. Responsen er overveldande, ikkje minst frå ungdom. Cowboyen er spesielt oppteken av dei unge og meiner landbruket treng dei ungdommen.

– Ikkje alle taklar skulekvardagen, men mange kan gjere ein veldig god jobb på ein gard, om dei får sjansen. Kva med å gå fleire bønder i lag og bruke avløysartilskotet til å løne ein ungdom på deling, seier Arvid, som sjølv starta i arbeidslivet som 12-åring.

Han ser hundrevis av grunnar for ikkje å verta bonde og meiner altfor mange slit seg helselause og aldri tar fri. Samtidig kan han ikkje tenke seg eit betre liv.

– Å drive gard er å gjere noko meiningsfullt; The way of life. Det er ikkje for å tene seg rik, seier bonden.

Men skal dei unge klare seg som bønder i framtida, trur han det er viktig med litt hjelp, ei slags mentorordning, den første tida. Spesielt med tanke på økonomi og investeringar. For det kan vera freistande å kjøpe ny traktor til 1,5 millionar, men er det rett prioritering?

– Gode råd veg ofte tyngre når dei kjem frå andre enn far og mor, seier Arvid.

Eit råd frå cowboyen er å spare pengar og reise ut i verda, gjerne i arbeid på ein gard.

– Det gir eit større perspektiv og ei god ro i livet. Og vil du drive gard så sjå lenger enn nabobygda. Det bur gilde folk over alt, seier han.

– Kva tenker du om dei vel vekk bondeyrket, men bruker garden som buplass i staden for å sleppe andre inn i næringa?

– Det blir litt egoistisk. Eg trur det er nokon som må gå i seg sjølv og sjå litt større på det. Me har eit felles ansvar for å hjelpe neste generasjon i gang med normale bruk. Å forvalte ein gard og produsere mat er ei viktig samfunnsoppgåve. Næringa er ikkje tent med at mindre bruk vert slakta for at andre skal bli større. Eg har reist rundt i verda heile mitt liv og sett korleis bønder er styrt av firma og bankar. Det kan skje også her, om ikkje staten held eit grep om utviklinga.

Han vil børsta støv av forpaktingsordninga og la ungdommen få prøve seg.

– Bondelaget må også vera vakne, åtvarar Arvid.

Han meiner bøndene kan verta meir bevisst på korleis dei oppfører seg, og snakka med ungdommen som likeverdige partar.

– Mange av oss bønder er nokre stabukkar og ikkje spesielt gode forbilde. Me må tenke over korleis me oppfører oss, seier han, og fortel om episoden frå tv-serien kor han lurer arbeidstilsynet til å tru han har setebeltet i orden i den gamle traktoren. 

– Det går ikkje. Landbruket har altfor mange ulukker og liv går tapt fordi me ikkje tar ansvar. Me kan ikkje venta at drengen skal gjere det me ikkje tek tak i sjølve. 

No vil Arvid rette opp i inntrykket, og bidra i arbeidstilsynet sin kampanje for bruk av setebelte.

– Skal eg venta at ungdom tek kloke val for livet sitt, må eg også kunne endra meg sjølv, seier bonden, som har sett Lauperak på kartet.