HØYR!

Slikk norsk is i sommar

17. juni 2022 | Dessutan

Me bønder har eit ekstra ansvar for å velja norskprodusert når me handlar is.

Har du ein mjølkekvote på 200.000 liter, blir mjølka frå eine kua di brukt til å produsera iskrem. – Norsk iskrem er fantastiske produkt med smak i verdsklasse. Her ligg potensial for auka sal, seier Arthur Salte.

Sjur Håland

Bonden og styremedlemmen i Norges Bondelag, frå Salte i Klepp, peikar på at mjølkeproduksjon er berebjelken i det norske landbruket, og at iskremproduksjon utgjer så mykje som kring fire prosent av kumjølka som blir produsert. Talet kan bli både fem og seks.

– Norge har i det siste blitt verdskjent for ostekvalitet og -mangfald. Det er ingen ting i vegen for at me kan få minst same status på iskremen vår.

Bonden brenn for den kalde fløyteisen. Dei to store produsentane av is produsert på norsk mjølk, er Tine-eigde Diplom- Is AS og privateigde Hennig-Olsen Is AS. Til saman har dei to verksemdene ein omsetnad på drygt 2,2 milliardar kroner. I tillegg kjem lokale produsentar, som Iskremgården på Jæren. Salte peikar på at dei norske produkta konkurrerer med utanlandske produkt. Det er det langt frå alle som er klare over, seier han.

– Norsk iskrem er kjent for ypparleg smak som skriv seg frå den unike mjølkekvaliteten. I tillegg har dei to store produsentane opparbeidd seg stor kompetanse. Me bønder har eit ekstra ansvar for å velja norskprodusert når me handlar is. Eg oppmodar alle til å marknadsføra norske iskremprodukt blant folk me omgåast.

Å tenkja at iskremsalet går av seg sjølv, kan vera ei farleg felle å gå i.

– Den tida er forbi. Bøndene må vera aktive ambassadørar også for norskprodusert is.

I mars tar Salte grillen ut på terrassen kor han blir jamleg brukt til kalenderen bikkar oktober. Attåt god grillmat, høyrer iskremdessert.

– Me må alltid ha god is etter grillmaten. Det høyrer liksom i hop hjå oss.

Sjekk fryseboksane i butikkane i sommar, oppmodar Salte.

– Her vil du sjå at den norske mjølka har blitt til eit stort mangfald i smakar i ulike pakningar. Dette er noko me kan vera stolte av – og noko me kan bli enda betre på å utvikla og selja.

I skrivande stund bur Salte seg på travle dagar på Bondetinget. Det betyr ikkje at han gløymer dei nære tinga. Som å håpa på ein god sommar.

– Med varme, solrike dagar og regn på nettene. Og alltid med is til dessert.