HØYR!

– Staten somlar

Eg risikerer at toget er gått når eg endeleg kan bygga kyllinghuset.

Det røyner på for pelsdyrbøndene. No er også potten for omstillingsmidlar tom i Rogaland. – Me er avhengige av pengane, seier Terje Øvrebø.

Jane Brit Sande

Terje Øvrebø er bonde på Rennesøy i Stavanger kommune. På garden har han to mål tomat, 35 vinterfôra sau, 700 slaktegris i året, og eit tomt minkhus. Bonden vil starta opp med kylling, men møter støtt på utfordringar.

– Eg sende inn søknad om omstillingsmidlar før jul. Men no melder Innovasjon Norge at potten er tom for i år, seier Øvrebø til Bondevennen.

Omstillingsmidlane er på 95 millionar kroner, der 5 millionar er øyremerkt kompetanseheving. Midlane blir fordelt over ein periode på fem år.

– Pengane må heller koma når det passar oss. No må eg venta endå eit år, fordi potten er tom, seier Øvrebø.

Han kunne vore i gang med kyllingproduksjonen allereie i fjor sommar.

– Eg har allereie venta eit heilt år på å koma i gang. No må eg framleis venta fordi staten somlar!, seier bonden.

– Det er fortvilande å vente på både erstatningsordninga og omstillingsmidlane. Me er avhengige av pengane, og meiner me er blitt lova dei, seier Øvrebø.

Rennesøy-bonden vil starta opp med kylling så snart som råd. No opplever fjørfenæringa ein opptur, og den vil han få med seg.

– Men medan eg ventar, går prisane til leverandørane opp. Den Stolte Hane er optimistiske, men byrjar samstundes å bli avventande. Fleire kyllinghusprosjekt i regionen er snart oppe og går, seier Øvrebø. Bonden må berre vente med byggeprosjektet til alle brikkene er på plass. Minkhuset står slik det alltid har gjort, berre at bura er tome.

– Eg kan ikkje rydda ut før farmen er taksert. Eg risikerer at toget er gått når eg endeleg kan bygga kyllinghuset, seier Øvrebø.

To gonger har han vore nøydd til å seie frå seg leveringskontrakten på kylling. Banken har ikkje vore med på laget, så lenge erstatningsordninga har latt venta på seg.

– Heldigvis er det meir enn ein bank på marknaden. No har eg ein bank som er med på planane, men eg må framleis få med meg omstillingsmidlane før eg kan starte bygginga, seier Øvrebø.