KOMMENTAR:

Stø kurs for mjølka

25. mai 2022 | Aktuelt, Dessutan

Grønt gras:…men ein mjølkebonde skal ikkje ha så mange millionar i gjeld før renteauken et opp heile inntektsveksten frå årets jordbruksavtale, skriv Bjørn Lende. Foto: Istock

Sjølv med den beste jordbruksavtalen på mange år vil mange av mjølkebøndene som slit i dag få det endå verre i 2023.

Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren

Landbruket og staten vart som venta samde om ny jordbruksavtale. Båe partar hadde for mykje å tape på eit brot.
Korleis ein vurderer resultatet kjem an på auga som ser. Både politisk og internt i næringa var det skapt store forventningar. Den store auken i kostnadar på viktige innsatsfaktorar har gjort at tidlegare framforhandla inntektsmål ikkje er innfridd. Ein stor del av den såkalla ramma på 10,9 milliardar kroner er naudsynt for å dekkja inn for desse kostnadane.
For landbruket har det vidare vore viktig å få same kronetillegg som andre grupper, og i tillegg eit beløp for å dekkja inn for skilnaden i inntekt mellom landbruket og andre grupper.

Langt fram

Det var i posten for tetting av inntektsgap dei reelle forhandlingane sto, og her var avstanden stor. Landbruket sitt krav var på 100.000,- kr per årsverk, staten sitt tilbod var på 30.000,- kr, medan resultatet vart på 40.000,-. Eit heller magert forhandlingsresultat vil kritikarane hevda, og samstundes innvenda at det vil ta ti år å tette inntektsgapet med den farten.

Ein kan noko forenkla seie at inntektssida i mjølkeproduksjonen aukar med om lag éi krone per liter.

Bjørn Lende

Kroner, ikkje prosent

Det er likevel ikkje til å kome bort frå at isolert sett er det den beste jordbruksavtalen landbruket har oppnådd på svært mange år. Ut frå dei føresetnadane som er lagt til grunn skal landbruket i 2023 få ein inntektsvekst på 64.000,- kr per årsverk. I tillegg kjem kompensasjon for ekstra kostnadar i 2022, som skal betalast ut i september.
Dette er i stor kontrast til Sylvi Listhaug sitt mantra om at lønnsauke vert rekna i prosent. Det blir nærare 15 % inntektsauke. Frontfaga som dannar malen for lønnsoppgjera fekk 3,7 %.

Status mjølk

Korn, ammeku og sau er prioritert. Men korleis ser det då ut for ryggrada i norsk landbruk, mjølkeproduksjonen? Ein målprisauke på 36 øre er i tråd med anbefalinga frå Tine. I tillegg kjem frå 1 til 6 øre i auka distriktstillegg, for dei som får det. Dette er langt frå nok til å dekkja inn auka kostnadar, og produksjonsøkonomien per liter vil bli endå dårlegare. Ein kan heller ikkje venta framleis løft i etterbetalinga, snarare tvert imot.
Som elles i avtalen er det budsjettmidla som skal sikre økonomien. Her er det ein større eller mindre auke på dei fleste postane. Driftstillegget aukar med 70.000,- kr per bruk, husdyrtillegget med 775,- per ku og 400,- for andre storfe. Areal- og kulturlandskapstilskott aukar med til saman 100 kr per daa for soner med dei lågaste satsane. Det er òg auke i tilskot til beite, først og fremst på utmark. Styrka velferdsordningar, og auke i taket på avløysartilskott med 10 % til 96.580,- kr per bruk. Det er òg gjort endringar i tilskotet til små og mellomstore bruk for ytterlegare å styrkja dei mindre bruka.

Mange dyr dreg opp

For eit mjølkebruk med 30-40 kyr som leverer 300 tonn med mjølk vil marknadsinntektene auka med drygt 100.000,- kroner på mjølka, pluss nokre tusen på slakt avhengig av omfanget på kjøtproduksjonen. Samla tilskot er avhengig av fleire faktorar, men for dei som kjem gunstigast ut, vil auke i tilskot fort bli det dobbelte av auken i marknadsinntekter. Ein kan noko forenkla seie at inntektssida i mjølkeproduksjonen aukar med om lag éi krone per liter. Noko meir for dei minste bruka, og noko mindre for dei største bruka. Mange dyr og mykje slakt vil og dra opp inntektssida.

Fleire vil oppleve at kostnadane aukar meir enn inntektene.

Bjørn Lende

Renta et opp inntektsveksten

Er dette nok? Utrekninga på referansebruka viser inntektsauke per årsverk også på mjølkebruk av ulik storleik, sjølv om denne er mykje mindre enn for til dømes ammeku. Det er likevel grunn til å tru at fleire vil oppleve at kostnadane aukar meir enn inntektene. Dette vil særleg gjelde dei større mjølkebruka med størst gjeldsbelastning.
I avtalen er det lagt til grunn at kostnadar utanom kraftfôr, gjødsel og energi vil auke med 2,6 % . Dette er eit svært optimistisk anslag i ei tid der prisane skyt i været på det meste. Den største utfordringa er likevel rentenivået. Det er rekna med ein auke i renta på 1,3 % poeng, noko som gir ein kostnadsauke på 13.000,- for kvar million ein skuldar banken. Sett i høve til produksjonsomfang er det svært låge rentekostnadar som ligg til grunn for referansebruka. Ein skal ikkje ha så mange millionar i gjeld før renteauken et opp heile inntektsveksten. Det er utan tvil fleire som vil bli skuffa. Mange av dei som slit i dag, vil få det endå verre i 2023.

Prinsipp vs praksis

For å sikre at også større bruk med fleire produksjonar får del i kostnadskompensasjonen er taket på husdyrtilskot midlertidig oppheva. Dette til tross for at eit av punkta i regjeringsplattforma frå Hurdal var at regjeringa vil innføre tak på tilskot i alle produksjonar. Dette viser at det ikkje er så enkelt å halde på prinsippa i gjennomføring av praktisk politikk. Leiaren i småbrukarlaget sa på pressekonferansen at fokus hadde vore å sikre inntekt for alle bønder, og at ein i mindre grad hadde greidd å fokusera på retninga. Problemet er at partane har både uklare og sprikande målsetjingar.
Avtalen gir eit pusterom for eit landbruk i krise, men den er ikkje ein ny kurs i landbrukspolitikken.

Stikkord denne saka: