HØYR!

Strengare dyrevern med straff

Foto: Høgre

Sjølvsagt kan det vera snakk om personlege tragediar, men uansett går det utover dyra.

Høgre tar hardare i for å styrka vernet for dyr.

Bothild Å. Nordsletten

Høge krav til dyrevelferd for alle husdyrslag. Hardare straff for grove brot på dyrevelferdslova. Større bøter for grovt uaktsame brot på dyrevelferdslova. Kortare prosess for å ta dyra og drifta frå dei som ikkje følgjer pålegg frå styresmaktene etter lovbrot. Og styrking av eit landsdekkjande dyrepoliti.
Dette er punkta som Høgre nyleg vedtok på landsmøtet sitt.

– Her var det mykje pisk. Kor gale meiner Høgre at det står til med dyrevelferda på gardane?

– Eg trur dei fleste har godt dyrehald, seier Guro Angell Gimse, landbrukspolitisk talsperson.

– Bønder er i det store og heile veldig ansvarlege. Så ser me ei eller anna hending, ein dyretragedie. Då trur me det er viktig å signalisera at dette er uakseptabelt. Sjølvsagt kan det vera snakk om personlege tragediar, men uansett går det utover dyra. Difor er me litt på straffesporet. Me ønskjer å verna dyra gjennom straffesporet.

– Høgres toppkandidat i Innlandet, Anna Molberg, seier til Nationen at Høgre må ta eit oppgjer med «dyremishandling innenfor matproduksjon, særlig i griseindustrien ». Er det eit syn du delar?

– Eg trur produksjonen stort sett er bra, men me såg jo alle dokumentaren til Norunn, (Norunn Haugen som laga NRK-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter», journ. meld). Den praksisen tar me sterk avstand frå. Når det er sagt så må me ikkje gå rundt å mistenke griseproduksjonen for å driva med dyremishandling.

– Men ser du ikkje at mistenkeleggjering kan bli konsekvensen, når vedtaka dykkar berre handlar om å bruka pisk?

– Nei, det gjer det ikkje, når du ser dette samen med den generelle landbrukspolitikken vår.

– Kven skal betala for strengare dyrevelferdskrav?

– Det er ei budsjettsak og et forhandlingssak i ein regjeringsplattform, så det får me koma attende til.

– I kva grad vil de også kjempa for strengare dyrevelferdskrav for importert vare?

– Vedtaket om høg dyrevelferd for alle husdyrslag gjeld for alt. Me har jo ordningar for veterinærar som godkjenner varene i utlandet, dersom me kan gjera ting betre der, er me sjølvsagt med på det òg.

– Kvifor konkretiserte de ikkje dette på landsmøtet?

– Programma våre er jo ofte ikkje detaljert, men meir generelle.