HØYR!

Ta pause, drikk vatn og tenk deg om

Om den gamle traktoren ikkje har gode nok bremser, la vere å bruke den.

I slåtten skal alt skje så fort. Men tunge maskiner og dårleg tid er ein farleg kombinasjon. – Tenk deg om to gonger, oppmodar Anders Felde i Vestland Bondelag.

Anne Rivenes, frilansjournalist

– Det er altfor mange ulukker i landbruket, og bondelaget vonar på færrast mogleg. Me har ein nullvisjon når det gjeld dødsfall. I slåtten er det mange farlege situasjonar, så det gjeld å ta tida som trengst for å gjera arbeidet trygt, seier Felde, som er leiar i fylkeslaget.

Store maskiner er ein risiko i seg sjølv, og i tillegg kjem ofte tidspress i slåtten. Kva kan ein gjere for å ta vare på helse og tryggleik i hektiske slåtteveker?

– Ja, det er store rundballepresser, slåmaskiner og river i sving. Og viss det er heitt og ein ikkje har aircondition, let ein gjerne opp dører og vindauge, og då kan ein dette ut. Hugs alltid setebelte både i førarsete og passasjersete. Før ein går ut av traktoren, må ein alltid stogge ting. Jobbar ein om natta, må ein ha på godt ljos, seier Felde.

Det gjeld rett og slett å ta seg litt betre tid. Gjerne setje seg ned og drikke eit glas vatn med jamne mellomrom. Når folk jobbar døgnet rundt, går ulukkesstatistikken opp.

– I staden for å seie etterpå at «eg skulle berre», så bruk nokre sekund i forkant og tenk «kva kan gå gale», er den klare oppmodinga frå bondelagsleiaren.

Om den gamle traktoren ikkje har gode nok bremser, la vere å bruke den. Sjekk brannsløkkingsapparatet. Og når du legg frå deg rundballar, hugs at dei kan kome på trilt og treffe hus, vegar, bilar og folk.

– I område med mykje hus og ungar som leikar ute, legg rundballane frå deg på ei flate, eller vent til kvelden når borna er inne, rår Felde til.

Når mykje skal gjerast på kort tid, som i slåttonna, er det lett for at ein tek snarvegar. Men, hastverk er lastverk. Vestland Bondelag oppmodar om at alle tenkjer seg om to gonger slik at ein unngår å hamne i potensielt farlege situasjonar. Tre råd på tampen:

– Bruk vernebriller og vernehanskar, og ha alltid ei stor flaske reint vatn liggjande lett tilgjengeleg i traktoren eller der du handterer ensileringsmiddel. Bruk sunt bondevit når du er i situasjonar som kan vere farlege, og tenk deg om to gonger!