HØYR!

Tar ikkje kritikk for låg kvinnedel

17. februar 2023

Å finna nokon som ikkje er å finna er utfordrande.

– Eg er meir uroa for andelen kubønder enn eg er for talet på kvinner i styret, seier leiaren i valkomiteen i Rogaland Bondelag, Laurits Stokkeland.​

Sjur Håland

Om valkomiteen sitt forslag til nytt styre i Rogaland Bondelag blir valde på årsmøtet i mars, vil alle styremedlemmane frå bondelaget driva med mjølk.

– Valnemnda skal mellom anna ta omsyn til produksjonar. Skal du først skriva om dette, må du få fram at me slik sett har bomma på produksjonsgrunnlaget. Eg er meir bekymra for ivaretakinga av til dømes fjørfe og grøntproduksjonen enn for kvinnedelen.

Valkomiteen har lagt fram sitt forslag til nytt styre med berre éi kvinne i styret – som ikkje er på val i år, og éi kvinne til første vara.

– Er det godt nok?

– Då må eg få lov til å forklara korleis dette fungerer. Bondelaget i Rogaland har fire regionar med kvar sin representant. Så kjem leiaren som nummer fem. I tillegg møter første vara fast i styret som den sjette. Vidare er Rogaland Bygdekvinnelag og Rogaland Bygdeungdomslag fast representerte rundt styrebordet. Dermed består styret av åtte personar med røysterett.

– Med to kvinner alt nå, pluss bygdekvinnelaget sin representant, har styret drygt 30 prosent kvinnedel. Kjem det også ei kvinne frå bygdeungdomslaget, får styret like mange kvinner som menn. Det er i så fall ei fantastisk god fordeling. Endar me på drygt 30 prosent kvinnedel, er også det godt til landbruket å vera. Eg skal stå oppreist med det resultatet.

– Men burde det ikkje vore fleire kvinner frå dei som representerer bondelaga?

– I vårt mandat heiter det at me skal ta omsyn til kjønnsfordelinga. Men å finna nokon som ikkje er å finna er utfordrande.

Stokkeland seier at Rogaland Bondelag består av 41 lokallag.

– I desse laga er andelen kvinnelege leiarar mindre enn ti prosent. Dette fortel ein heil del om kva det er å finna av folk. I dette lyset meiner eg valkomiteen har gjort ein kjempejobb som har fått med så pass mange kvinner som me har.

– Spurde de fleire kvinner?

– Me har spurt fleire kvinner om dei kunne vera aktuelle kandidatar.

– Kva svar fekk de?

– Tilbakemeldingane har vore tydelege. Dei har nok frå før. Det er sjølvsagt mange kvinner som arbeider heime på gardane, men oftast er det mannen som er heime på fulltid, medan kona har deltidsarbeid i tillegg til at ho er med heime på garden.

I valkomiteen har det sete ei kvinne og sju menn rundt møtebordet denne runden.

– Talet blir dobla. Neste år blir det to kvinner. Det må vel kallast ei gladmelding.