HØYR!

Tar to veker sommarferie

Livet blir snevert dersom alt skal dreia seg om jord og kyr

Gardsdrift er ikkje alt her i livet, meiner Sindre Årsvoll. Kvar sommar overlèt han ansvar og arbeid til avløysaren og reiser til Sørlandet på to vekers campingferie med familien.

Sjur Håland

– Nå er eg i innspurten med å koma i mål med alt som skal gjerast før me reiser. Det er alltid litt stress med å koma à jour, seier bonden.

Den travle mjølkeprodusenten frå Årsvoll i Sandnes har vore bonde sidan han tok over garden i desember 2004. Tid til ferie har alltid vore prioritert. I år som føregåande år, går turen til Åpta i Farsund kommune på Sørlandet, kor familien har fast plass til campingvogna.

– Det betyr at me også kan nytta campingvogna til helgeturar gjennom sommarhalvåret, seier han.

Margunn og Sindre Årsvoll har fire barn frå 8-16 år. To gutar og to jenter. Margunn har fullt arbeid utanom garden. Mjølkekvoten er på 365.000 liter, mjølka på jerseykyr.

– Burde du ikkje heller halde deg heime, slått gras og fylt opp mjølkekvoten?

– Det går vanlegvis fem veker mellom slåttane. Eg kan ikkje slå gras heile sommaren. Første slåtten kjem stort sett på same tida kvart år. Å planlegga ferien rett etter jonsok plar gå svært greitt.

– Kvifor prioriterer du ferie?

– Det handlar om å prioritere familien. I parforhold er det viktig med fellesprosjekt. Å vera i lag på ferie, kor me gjer heilt andre ting, er ei flott avkopling som betyr mykje for oss alle. Så er det gildt for barna å kunna fortelja om sine ferieopplevingar når dei møter venene sine seinare på sommaren.

Årsvoll trur at rekrutteringa til landbruksyrket kan gå lettare når barna opplever at ikkje alt er kvardagar og strev.

– Livet blir snevert dersom alt skal dreia seg om jord og kyr, seier han.

– Kva gjer de på ferie?

– Me likar å gå på turar. Gjerne langs gamle sørlandsvegar, ein og annan topptur og litt i skog og mark elles. Brettspel er kjekt. Så handlar det om god mat, gilde samvær med andre campinggjester og handleturar til dei flotte byane på Sørlandet.

– Blir det ikkje dyrt med løn til avløysar og alt som kan gå galt når du ikkje er heime sjølv og styrer skuta?

– Det er ikkje alt ein skal finrekna på. Me har ein god avløysar som kan nå meg på telefon om han lurer på noko. Eg legg opp til at det skal vera så lettstelt som råd for avløysaren og at han får god tid til å gjera fjøsstellet grundig.