HØYR!

Teknojungelen utfordrar

Det er ikkje heilt tydeleg for bøndene kva økonomisk gevinst dei kan ha av presisjonslandbruk.

– Terskelen for å ta i bruk ny teknologi er såpass høg at mange treng støtte for å få utbytte av den, seier Jogeir Magnar Agjeld i NLR.

Jane Brit Sande

Teknologiutviklinga i landbruket går raskt. Døme på dette fekk me sjå under LandTek-konferansen førre veke. Denne helga står Agroteknikk 2018 for tur.

– Eg har vanskeleg for å peike ut ny teknologi som ikkje er knytt til presisjonslandbruk på eit eller anna plan. Vêr og klima vil tvinga fram at ny teknologi vil bli tatt i bruk, seier Jogeir Magnar Agjeld.

Han er rådgivar på maskinteknikk i NLR, og dommar i nyheitsjuryen på Agroteknikk 2018.

– Dronar, robotar og «big data». Er bonden klar for denne teknologien?

– Både ja og nei. Teknologien er klar for norsk landbruk, men eg har inntrykk av at mange bønder ikkje er klar for teknologien. Dei som er mest interessert i teknologi er langt framme, men for resten er det ein høg terskel for å tre inn i teknologijungelen, seier Agjeld.

– Eg trur det handlar om modningstid. Det er ikkje heilt tydeleg for bøndene kva økonomisk gevinst dei kan ha av presisjonslandbruk. Teknologien i dag er veldig kompleks. Det er mange forskjellige system, og for mange bønder er det vanskeleg å orientere seg, seier Agjeld.

Også rådgivarar har brukt tid på å orientera seg i alt det nye som kjem av teknologi.

– Me har ikkje vore klar til å peike ut for bønder kva som vil fungera best av alternativ A eller B. Me har nok ikkje tatt tak i det tidleg nok, innrømmer Agjeld.

– Me har jobba for å auke og å spisse kunnskapen vår, og det vil me halde fram med. Bønder skal få hjelp til å velje det som passar best på deira gard, lovar han.

Agjeld er overtydd om at det i løpet av kort tid vil skje store endringar, og at landbruket vil halde fram med å ta i bruk teknologiane som blir tilgjengelege.

– Det er heilt riktig at det skjer, og det vil gi ein gevinst. Men fortsatt er det ikkje tydeleg kva som er den økonomiske gevinsten, seier han.

Agjeld trur at det er grovfôrprodusentane som har mest å hente på ny teknologi.

– Desse bøndene bør følgje med på utstyr som har tilstrekkeleg kapasitet, samstundes som det reduserer jordpakking. Her er det mykje å vinne. Det er eit paradoks at dei aller største maskinane som me etter kvart ser i marknaden, er så tunge at dei ikkje er lovlege på vegane, seier han.

Teknologi aleine er ikkje nok.

– Det er mykje bra utstyr for presisjonslandbruk på veg ut i marknaden, og moglegheitene er formidable. Men til sjuande og sist handlar presisjonslandbruk om å drive betre agronomi. Teknologien er berre eit hjelpemiddel, slår Agjeld fast.