HØYR!

– Tida inne for å løfta Jæren

Det er ikkje så gullkanta å driva på Jæren.

«Jæren taper inntening», skriv bondelaga på Jæren i si sak om soneinndelinga på årsmøtet i Rogaland Bondelag. No vil dei ha slutt på det dei kallar forskjellsbehandling.

Jane Brit Sande

Bondelaga på Jæren har saman sendt inn sak til årsmøtet i Rogaland Bondelag, der dei ber om gjennomgang av soneinndelinga. Det er bondelaga i kommunane frå Hå i sør til Randaberg i nord som er del av samordninga ‘Jærlaga’.

– Me har prøvd å fremja denne saka tidlegare, men blitt sabla ned. No meiner me at tida er inne for at alle blir løfta i inntekt, også me på Jæren. No har me ei regjering som kan gjere det, seier Håkon Varhaug, leiar i Varhaug Bondelag.

Erfaringa til bøndene i regionen, er at bønder i dei andre sonane stig i inntekt takka vere kompensasjons- og tilskotsordningane.

– Dette gjer at me over tid tapar inntening, og sakkar akterut på inntektssida. Det er ikkje rettferdig, og kan ikkje halde fram, seier Varhaug.

Bøndene har samanlikna tilskotsutbetalingar for referansebruka. Eit døme dei viser til er: Eit eksempelbruk med 600 mål jord, 600 tonn mjølk, 70 kyr med fullt påsett og 90 kalvingar gir ein bonde i Steinkjer i Trøndelag 283 000 kroner meir i tilskot enn bonden på Jæren.

– Dette syner stor forskjellsbehandling. Det er ikkje så gullkanta å driva på Jæren, slår Varhaug fast.

Bondelaga på Jæren anerkjenner at det er stort skil på gardane i dei ulike sonene, men meiner at referansebruka syner at jærbøndene kjem langt bakpå. Det same gjeld timar nytta per årsku i berekninga av årsverk: På Jæren nyttar dei 101 timar per årsku, på Vestlandet 138 timar og i Nord-Norge 146 timar per årsku. Jærbøndene har vanskeleg for å forstå at dette stemmer med verkelegheita. «Det virker som heile referansebrukberekninga er gått ut på dato», skriv dei i saksframlegget.
Ei generell misnøye har murra lenge blant bøndene på Jæren, i følgje Varhaug. Dei har lenge slipt på marginane.

– På Jæren tar me ut 85 prosent i marknaden, og der er prisane stabile. Me veit alle at det ikkje er bøndene som hentar pengane i marknaden, seier Varhaug.

Den generell kostnadsauken gir eit behov for løft i inntekta. For det er mange skyer på horisonten, seier Varhaug.

– Mange bønder lever med raude tal. Det er i grunn utruleg kor lenge det går an å halde på slik. Folk held tala tett til brystet, men det er mykje uteståande hjå til dømes kraftfôrleverandørane, seier Varhaug.

– No må me seie ifrå, seier han.