HØYR!

Tørke gir plass til norske varer

12. mai 2023

Er det riktig at me fraktar produkt som består av så mykje vatn, med dieselbilar til Noreg?

Dårleg tilgang på importerte grønsaker gir høgare prisar – også utanom tollperiodane. Dette kan kome norske produsentar til gode.

Jane Brit Sande

Spanske bønder har ein heit vår. Landet er inne i ein tørkeperiode som så langt har vart i tre år. I følgje NRK er det historisk lite vatn fleire stader. Ikkje overraskande råkar dette matproduksjonen i landet, og mange bønder har allereie gitt opp årets avling, melder statskanalen.
I vinter har varetilgangen frå Spania vore vanskeleg og usikker, seier Bjarte Åsbø i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS).

– Varene har vore vanskelege å få tak i, og prisane har vore på eit nivå me ikkje har sett før.

Nordmenn kan kjøpa rimelege spanske tomatar gjennom vinteren. I norsk tollperiode, frå 10. mai til 15. oktober, er det toll på dei importerte tomatane, slik at dei norske skal føretrekkast av grossistane. Dette blir typisk kalla den norske tomatsesongen. Tomatproduksjonen er vasskrevjande, men truleg vil me ikkje merke tørkekrisa hjå dei spanske bøndene her heime – enda, i følgje Åsbø.

– No kjem dei norske tomatane. Me vil nok sjå importerte i butikken framover også, men då er dei frå Nederland, seier han.

– Men me importerer framleis brokkoli, blomkål, vårløk, og salat frå Spania.

Åsbø er derfor spent på korleis stoda vil utvikle seg. Prisane på import-varene kryp oppover. Tørke og andre klimautfordringar får skulda.

– Den norske produksjonen er prega eit norsk kostnadsnivå. Normalt er prisen høgare enn på importerte varer. Men i år har tilgangen på importerte varer vore dyr og vanskeleg, seier han.

Dette kan by på moglegheiter for norske produsentar. Åsbø håpar at tomatprodusentane kan få marknadstilgang og føreseielege vilkår, slik som agurkprodusentane.

– Agurken er ein suksesshistorie.

– Når hausten kjem, har produsentane føreseieleg pris og marknadstilgang. Preferansen på den norske agurken er høg. Opp til 90 prosent av agurken i marknaden er norsk.

Åsbø håpar på ein lenger sesong for dei norske tomatprodusentane. Dialog med mottakarar om marknadstilgang var kome godt i gang i 2019. Så kom pandemien, og mykje vart uavklart, og så kom dei høge energiprisane.

– Eg trur me vil få det til. I Rogaland har me kompetanse, vilje og fasilitetar til å produsere tomat året rundt.

Åsbø stiller spørsmålsteikn med importen.

– Ordet ‘berekraft’ betyr mykje, blant anna etikk og økonomi. Er det riktig at me fraktar produkt som består av så mykje vatn, med dieselbilar til Noreg? I Noreg har me rikeleg med vatn. I Spania er vatn eit kjempeproblem. Skal me verkeleg bidra til at dette blir verre?

– Ein lenger sesong her heime, betyr meir berekraftig produksjon. Ingen land i verda kan konkurrera med oss på dette – så framt me nyttar norsk vasskraft.