HØYR!

Treng engasjert rådgiving

Rådgivaren skal vere med og skape verdiar.

Bøndene har mange rådgivingstilbod, nokre fellesfinansierte, andre til timespris. Men ingen råd kjem gratis.

Liv Kristin Sola

– Er dagens modell framtidsretta?

– Ja, eg trur me er der me skal vere, men fagleg tyngde og praktisk kunnskap er heilt avgjerande, meiner Jørn Viste.

Viste mjølker 250 tonn i båsfjøs på Nærbø på Jæren, og har 30 års erfaring som bonde. Agroteknikkaren var rådgivar i Tine før han overtok heimegarden.

Han har prøvd ulike rådgivingstilbod, også utanlandske rådgivarar, men bruker no like gjerne andre bønder som sparringpartnarar.

Bonden trur ikkje det er rett å samanlikne rådgivingstilbodet her til lands med sjølvfinansiert rådgiving som i våre naboland, kor bruksstrukturen er heilt annleis.

– Skal me ha ein variert bruksstruktur, må fellesfinansiert rådgiving vere eit supplement til timebasert rådgiving. Ei rein sjølvfinansiert rådgivingsteneste blir svært kostbart for dei med små og mellomstore kvotar. Konkurranse mellom aktørane gir god balanse mellom tilboda. I ei tid kor mjølkeproduksjonen skal nedskalerast, meiner Viste det vert feil å snakke om å endre rådgivingsapparatet. Også 90-talet var ei tid med nedskalering.

– Forsøksringen sette i gang intensiv rådgiving og tiltak for betre grovfôrdyrking. At me hadde slik trykk på det faglege var avgjerande for å overleve som bonde i den perioden. Det var fokus på å spare kostnadar, på grovfôrkvalitet, fôropptak og betre drift. Kunnskapen frå den tida er framleis grunnleggjande for korleis eg styrer drifta.

Viste er skeptisk til kontinuiteten i rådgivinga. Overgangen frå ein erfaren rådgivar til ein nyutdanna blir vanskelegare med åra. Jordbruksutdanning og mange års erfaring, i tillegg til studieturar og tidlegare rådgiving, har gitt bonden ein solid realkompetanse.

– Kvar gong det kjem ny rådgivar er det mest som å starte på ny. Mange har lite praktisk erfaring. Utfordringa er å kople dei på der me er med vårt driftsopplegg. For å betale for rådgiving må eg være sikker på at eg har noko att, økonomisk eller ved spart tid.

– Kva er god rådgiving?

– Ikkje kom med generelle råd. Spør først og fremst om målet mitt for drifta og vis vilje og engasjement til å tenke utanfor boksen. Rådgivaren skal vere med og skape verdiar. Då må eg oppleve at dei har vilje og kunnskap til å dra meg vidare.

– Optifôr, med gode dataverktøy og dyktige fôringsrådgivarar, har løfta fôringa. I grovfôrdyrkinga er det dessverre mykje generelle råd. Eg saknar større merksemd på tema som prosjektet Grovfôr 2020 tek opp. Kva faktorar speler inn for å auke avling og opptak av eige fôr? Råda blir ikkje like om du har lite eller rikelig med grovfôr.

– Kva råd vil du gje unge bønder?

– Ta agronomutdanning. God basiskunnskap er viktig for å klare å sjå moglegheiter når kvardagen vert krevjande. Finn ein rådgivar du har tillit til, som får deg vidare, meiner Viste.