HØYR!

Treng meir stankelbein-kunnskap

25. juni 2019

Det er dessverre mykje me enda ikkje veit om myrstankelbein

– Me treng forskingsmidlar for å læra meir om myrstankelbein, seier rådgivar Ole Arnfinn Røysland, etter å ha møtt fortvila bønder med brune beite denne våren.

Sjur Håland

Fleire bønder i søre delen av Rogaland og i Vest-Agder har fått beitegrasrøtene klippa av. Fortvilande for dei som er råka, men likevel ikkje omfattande nok til at styresmaktene automatisk opnar pengesekken til forskingsmidlar.

– Hadde det vore eit nasjonalt problem, ville det vore lettare å argumentert for midlar, enn slik det er nå, der ei relativt lita gruppe er råka, seier Røysland.

Det er dessverre mykje me enda ikkje veit om myrstankelbein, understrekar Røysland, som er rådgjevar hjå NLR Rogaland.

– Desse skadane har me ikkje råd til. Me skulle gjerne hatt fleire midlar til kartlegging av skadar, og moglegheiter til å sett etter mønster for angrepa, for slik å kunna forstått og førebygd betre, seier han.

Larvane går nå over i puppestadiet. Faren for ytterlegare stankelbeinangrep er over for i år.

– Me har sett svært ujamn storleik på larvane i år, så forpuppinga blir neppe synkron. Nedgangen av stankelbeinlarvar i felt har vore jamn sidan byrjinga av juni. Dermed var dei nok i gang med å forpuppe seg alt då. Me reknar med at angrepert er over kring jonsok, slik som vanleg.

Alt frå 10. juni har det vore mogleg å så i nye frø.

– Det tek vanlegvis kring 14 dagar før spirene kikkar fram, og då bør angrepet vere over nå, seier Røysland.

Beita ser ut til å vera særleg hardt råka. Skadane er registrert sør for Boknafjorden kor særleg beite i Gjesdal og Dalane er hardt råka.

– Med grunn jord, bakkar og svakare rotsystem enn i etablert eng, fekk beita ein knekk i fjor og var svekka i utgangspunktet, det er nok noko av årsakene, seier Røysland.

– Så her la stankelbeina seg til rette og venta på våren?

– Det er her me kjem litt til kort. Det har vore for lite forsking på både stankelbein og andre insekt, me kan ikkje svara heilt bastant. Men mange beite vart sett tilbake i fjor og var svakare enn normalt denne våren. Dette, saman med gunstige forhold for egglegging i fjor haust, er truleg ein del av biletet.

– Kan slike hendingar førebyggast?

– Problemet er at biletet ikkje er heilt eintydig. Det kan sjå ut til at eng og beite i god stand er ein fordel, men så ser me at dette ikkje stemmer alltid. Dette er enda ein grunn til å argumentera for meir forsking på området.

NLR i Rogaland har ei eiga formidlingsteneste for beiteareal for dei som er råka av stankelbeinangrep.