BOKMELDING

Vakkert om ukrut

16. oktober 2020 | Dessutan

Pryd i bokhylla: Ugress. Et vilt herbarium. Emil Korsmos klassiske plansjer, 2020

Nyutgjevinga av Emil Korsmos klassikar om ugras er ein pryd, men peikar også vekk frå landbruket.

Åsmund Bjørnstad

Emil Korsmo (1863-1953) er ein av dei store i norsk landbruksforsking, for alltid assosiert med sine ugrasplansjar. Som agronom og tilsett i Oslo kommune (mellom anna forvaltar ved Frogner Hovedgård) gav han i 1896 ut si første bok Ugræs i Ager og Eng. Det vart hans sjølvlærte livsoppgåve, frå 1913 som statskonsulent og i 1920 blei han – utan artium og utan å ha søkt – utnemnd til professor i herbologi (ugraslære) ved Norges Landbrugshøiskole.
Ugrasforsøka utførte han i Botanisk hage på Tøyen. Læreboka i ugrasbiologi Ugress i nutidens jordbruk (1925) blei omsett til ei rekke språk. Det som etablerte hans ry, var dei 90 ugrasplansjane, som blei til frå 1913 til 1938 og framstilte dei 138 artane slik at alle kunne kjenne dei att.

Botaniske kunstnarar

Dei som teikna for han – særleg Knut Quelprud og Sara Mørk – fortener plass jamsides dei store botaniske kunstnarane i denne tida, som Dagny Tande Lid og Miranda Bødtker. Av dei botaniske detaljane – frå frøplante til vaksen og med grunne eller djupe rotsystem – forstår ein straks om bildet synte det Korsmo kalla eit frøugras eller eit rotugras. Med tekst på norsk, engelsk, fransk og tysk fekk dei vid utbreiing. Dei har til nyleg vore ei umåteleg hjelp i utdanning av norske agronomar, sist gjennom utgåva Korsmos ugrasplansjer, ved forfattaren og oppdatert av Torstein Vidme og Haldor Fykse (Landbruksforlaget 1981). Mindre kjend er plansjane med Ugressfrø (1935).

Evig aktuell: Emil Korsmo (1863-1953), ofte kalla «ugressprofessoren» i si samtid. Foto: NIBIO

Ugress eller ugras?

Denne boka har vore ute av sal i ein del år, og det er derfor velkome at Nasjonalbiblioteket i år gjev ut Korsmos storverk på nytt. Tittelen er Ugress. Et vilt herbarium. Emil Korsmos klassiske plansjer, med tekst av professor emerita Liv Borgen ved Botanisk hage og UiO. Boka har stort format, med plansjane etter nummereringa til Korsmo frå 1 til 90, medan dei i 1981-utgåva fylgde plantefamilien. Å finne kva for tistel ein har for seg, er såleis ikkje like lett her. Ein saknar eit alfabetisk register. Og om namn: til dømes heiter kamilleblom faktisk ikkje «kamilleblomst », verken på Korsmos plansje eller i Artsdatabanken, som Borgen endrar til «tradisjonelt bokmål».
Ein annan skilnad er at Borgens tekstar er botaniske heller enn ugrasbiologiske. Sjølve tittelen Ugress peikar vekk frå landbruket, der det uansett målform heiter «ugras» (den siste utgåva som Korsmo medverka til, og som kom ut posthumt i 1954, heitte Ugras i nåtidens jordbruk). Opplysingane Borgen gjev om den botaniske utbreiinga, skil ofte ikkje mellom ville planter og ugras. Nytt er at Borgen har med mykje interessant og merkeleg om artane i folketru og folkemedisin. Vi får òg oppdaterte opplysingar som at ein art er i tilbakegang og raudlista, eller i spreiing og kanskje svartelista – men igjen av botaniske grunnar, ikkje som ugras.
Undertittelen et vilt herbarium er merkeleg. Ei mengd av artane er knapt nok ville, men spreidde med jordbruket, ja, til dels avhengige biprodukt av det – som floghavre og svimling. Eg får assosiasjon til eldre botaniske fordomar mot kulturplantar som mindre «fin» biologi.

Identifiser og motarbeid

Med ugræs meinte Korsmo alle de paa dyrket mark optrædende planter, som man ikke tilsigter at have der. Ved å sjå dei avbilda plantane og klassifisere dei som rot- eller frøugras, eitt- eller fleirårige osb., ville Korsmo opplyse folket om korleis ugraset kunne bli gjenkjent og motarbeidd. På hans tid var det med mekanisk jordarbeiding, vekstskifte og reinare såvarer. Kjemisk ugraskamp var i emning, som jernsulfat eller «trollmjølet » frå Odda, men kom først for alvor etter krigen. Endå Borgen skriv at «Korsmo mente at svaret lå der», legg ho til: «I dag vet vi mer om skadevirkningene av ugressmidler og kjemisk ugressbekjempelse er ikke lenger like populært». Til forskning.no seier ho at «Nå ønsker vi å bevare biomangfoldet. Så har det blitt populært å bruke naturens mangfold av planter i maten.»
Dette er greitt nok, men lovleg villeiande i ei bok om kva Korsmos livsverk betyr i dag. Ugras er mangt, og så er rådgjerdene. Kunnskapen om ugrasartens biologi – Korsmos bidrag – i høve til den dyrka arten, kombinert med agronomiske tiltak pluss kjemiske middel til rett tid, har ført til den grad av ugraskontroll vi har i dag. Ugrasmidla har nok betydd meir enn frøkontrollen for at ein del frøugras er blitt sjeldne, slik Borgen iblant nemner.

Botanisk kunst: Dei flotte og detaljerte plansjane som illustrerte Emil Korsmo sitt ugras-praktverk har vore til umåteleg hjelp i utdanning av norske agronomar i mange tiår. På denne plansjen: krussyre, i dag kjent som krushøymol. Illustrasjon frå boka.

Smarte artar

Paradoksalt nok hadde utgåva frå 1981 med langt fleire botaniske detaljar som ein student eller bonde finn mon i. Ugrasbiologi – der Korsmo var ein pionér – har klarlagt korleis artane, gjennom frøtal, frøkvile, vegetativ formeiring, gjerne i kombinasjonar, haikar med menneskeleg verksemd. I 1981-utgåva får vi vite at ein plante av balderbrå kan setje 250 000 frø, medan eit rotugras som kveke nøyer seg med 50 frø i akset, men tar dette att med ein vidløftig og fleirårig jordstengel som oppkutta kan bli mange nye individ. I slike tal forstår vi at ugrasa er smarte artar. Ja, vi kan sjå sjølve kulturplantane frå den synsstaden. Når kveiten er verdas mest dyrka plante, er det fordi den har utnytta oss. Vidare kan dei dyrka formene stikke av og bli halvville «sekundære» ugras, som floghavre eller raud ris. Og er ein art som tunrapp vill eller ugras? Ja, takk: begge delar! Etter ei kryssing mellom ein fleirårig arktisk art med ein vintereittårig middelhavsart stokka den tilpassingsgena til nye kombinasjonar og blei ei global plage. Som fleir- og eittårig pluss som langdags- og kortdagsplante finst den som ulike populasjonar frå Svalbard til St.George Island i Antarktis. Ugras er rett og slett god evolusjonsbiologi. I Ugress saknar eg, hundre år etter, eit perspektiv på Korsmos innsats som biolog.
Men for all del: Denne utgåva av «Korsmo» er velkomen, ein pryd i bokhylla, prisen er rimeleg og Liv Borgen og Nasjonalbiblioteket skal ha takk. Så får studentar og andre skaffe seg kunnskapane om å handtere ugras andre stader.