HØYR!

Våronna har vore enkel

Det var berre å kopla til plogen og setja i gang.

Ivar Eldor Espeland har lagt grunnlaget for ein ny vekstsesong. Våronna har bydd på mykje godt vêr og arbeidet er gjort.

Sjur Håland

Espeland driv med mjølkeproduksjon på 160.000 liter med 90 dekar dyrka mark og ein god del beite og utmark på Søre Røysland i Bjerkreim.

– Våronna har vore enkel i år. Det har vore tørre og gode forhold. Regn og bløyte kan vera utfordrande. Slik var det ikkje i år, seier han.

Mykje av beita fekk husdyrgjødsel sist i mars, medan enga fekk sin tilmålte del av husdyrgjødsel først i april. Han sakna å få regn etter spreiinga.

– Det hjelper på med den fuktigheita som trass alt var i jorda. I tillegg blanda eg i godt med vatn frå Bjerkreimselva i lorten. Vassblandinga gjer at gjødsla lettare trekkjer ned i jorda, seier han.

– Har du fornya eng i år?

– Eg plar sjeldan så direkte i svoren, og prøver heller å fornya litt eng kvart år. I år har eg sådd vanleg engblanding utan raigras i femten mål. Heller ikkje under jordarbeidinga var vêret til hinder. Det var berre å kopla til plogen og setja i gang.

Kunstgjødsla er spreidd på enga og noko av beita.

– Så nå reknar eg meg i det heile ferdig med våronna for i år.

– Kva forventningar har du til vekstsesongen vidare?

– Regnet som kom sist i april var kjærkome. Enga reagerte nærast momentant med fin vekst og jamt plantedekke. Ideelt sett kunne nok graset buska seg enda betre, men i det heile er eg nøgd. På enkelte område i beitet har stankelbeina herja.

– Ja, det er område der desse skadegjerarane har gjort synleg skade. Her er det lite å gjera. Naturen får gå sin gang, eg satsar på at skaden ikkje blir særleg stor.

– Er du førebudd på å takla ein ny tørke- eller regnsommar?

– Eg er heldig og har elva som det alltid er vatn i. I fjor vart vatningsanlegget redninga. Det er eit heilt styr med traktor, røyr på bakken og spreiarar, men når situasjonen er der, gjer eg sjølvsagt dette arbeidet. Men eg håpar eg ikkje får bruk for utstyret i sommar.

Espeland brukar tårnsilo og fôrhaustar.

– Dermed kan eg ta slåtten når det passar og vera fleksibel om det skulle koma mykje regn. Men eg skjønar godt at dei som har større areal har behov for meir effektivt utstyr.

– Med dei to siste vekstsesongane friskt i minnet; gler du deg til sommaren?

– Absolutt. Per dags dato ser det svært greitt ut. Så får me ta eventuelle problem når dei dukkar opp.