HØYR!

Vi må selje meir norsk mjølk

23. oktober 2020

Foto: Stortinget

Held vi fram med å nedskalere vil det til slutt knekke næringa

Svaret på mjølkemangel er å auke volumet og selje meir norsk mjølk både her heime og i utlandet, meiner Morten Ørsal Johansen.

Liv Kristin Sola

Landbrukspolitisk talsperson i FrP, Morten Ørsal Johansen, meiner mjølkemangelen i tredje kvartal syner svakheita ved eit system som ikkje er tilpassa marknaden.

– Når marknaden etterspør meir mjølk må næringa klare å levere, og det står ikkje på bøndene, seier han.

Han trur likevel ikkje på ei rein marknadstilpassing for ei biologisk næring som mjølk, og vil ikkje kvotane til livs.

Må konkurrere ut importen

At staten i år har brukt 188 millionar kroner på å kjøpe ut 40 millionar liter mjølk meiner Ørsal Johansen er feilslått politikk. Å redusere volumet ytterlegare vil berre forsterke utfordringane, trur politikaren og etterlyser ei meir offensiv haldning.

– Vi har ikkje for mykje mjølk. Utfordringa for norsk mjølkenæring er at vi ikkje evnar å selje meir. Vi har verdas beste mjølk og verdas friskaste kyr, men klarer ikkje auke salet. Då skurrar det hjå meg, seier Ørsal Johansen.

Han meiner bøndene må få produsere meir, ikkje mindre, og at næringa må akseptere periodar med for mykje mjølk.

– Meieria må klare å produsere det folk vil ha slik at vi konkurrerer ut importen og aukar volumet. Dette kallast innovasjon. Eg kan ikkje forstå at det skal vere så vanskeleg, seier Ørsal Johansen.

– Det er tydelegvis krevjande. Importen aukar raskt, og utgjer rundt 20 prosent av den norske mjølkekvoten.

– Nettopp. Då har vi altså eit potensial til å auke produksjonen med tjue prosent, minst, seier Ørsal Johansen.

Etterlyser meierisamarbeid og eksport

Politikaren meiner nøkkelen til å auke salet av norsk mjølk er samarbeid mellom dei fire meieriaktørane; Tine, Q-meieriene, Rørosmeieriet og Synnøve Finden.

– Ja, dei er konkurrentar, men konkurrentar kan tene på å samarbeide mot eit felles mål. Vi må slutte å fokusere på forskjellane. Meieriaktørane må møtast og prate skikkeleg saman og legge ein felles strategi for å konkurrere mot import og for auka eksport, seier han.

Ørsal Johansen trur eit meierisamarbeid også kan styrke konkurransekrafta til norsk mjølk på eksportmarknaden.

– Å påstå at det ikkje er mogleg å eksportere, det er tullprat. At vi er små betyr ikkje at vi ikkje kan hevde oss i utlandet. Tvert imot, kan vi vere eksklusive. Ja, vi er eit høgkostland, men vi har verdas reinaste mjølk. Vi må selje på kvalitet, ikkje på pris.

Han snakkar ikkje om store volum, men meiner at sjølv ein dråpe i havet i internasjonal samanheng, betyr noko for norske bønder.

– Held vi fram med å nedskalere vil det til slutt knekke næringa. Det er ærleg talt ikkje eit alternativ. Vi må auke produksjonen og vi må produsere i heile landet, seier Ørsal Johansen.