MI MEINING

Vil bli landbruksambassadørar

Foto: Stortinget

På organisasjonane sine møte merkar eg gjerne ein annan lyd i pausane enn i møtesalen.

Fjorten Høgre-kvinner på Stortinget har danna eit eige landbruksnettverk. Kan det gagna bøndene?

Sjur Håland

Ingunn Foss er landbrukspolitisk talsperson for Høgre og er inne i sin andre stortingsperiode som representant for Vest-Agder.

– Då eg i førre perioden fekk ansvar for landbrukspolitikken, oppdaga eg at det var stor skilnad på landbruk og andre næringar. Eg såg behovet for meir kunnskap både for eigen del og i resten av partiet. Me treng å samlast for å læra. Då ideen om landbruksnettverket vart lansert, var interessa gledeleg stor.

– Er nettverket berre for kvinner?

– Landbruket er gjerne sett på som ei mannsdominert næring. Det at nettverket er for kvinner er mest ein gimmick i det biletet. Menn har meldt si interesse, så me får sjå etter kvart. Me treng uansett fleire ressurspersonar og lyttepostar i landbrukspolitikken.

– De har gjort framsnakking til eit tema. Kvifor?

– Mykje av landbrukspolitikken blir forma gjennom kontakt mellom politikarar og organisasjonar. Dei kjempar for bøndene sine vilkår, dermed får kontakten, naturleg nok, lett eit negativt preg. Mitt møte med bønder handlar om ei hardtarbeidande yrkesgruppe som er stolte av jobben dei gjer. Dei treng gode ambassadørar for det dei held på med. Å snakka opp ei så viktig næring er viktig, her vil me høgrekvinner bidra.

– Mistolkar de kompleksiteten i landbrukspolitikken som negativitet?

– Det trur eg ikkje. Norsk landbruk er svært samansett med meir enn hundre ulike verkemiddel i jordbruksavtalen. På organisasjonane sine møte merkar eg gjerne ein annan lyd i pausane enn i møtesalen. Me treng også å snakka direkte med bøndene for å få oversikt.

– Du nemnar behovet for læring. Ligg det her ei innrømming av at kunnskapsnivået er for lågt i Høgre?

– Nei. Me har stor kunnskap og sjølvsagt eige program for landbrukspolitikken. Men endringane i landbruket er store og kontinuerlege. Me folkevalte har behov for å vera oppdaterte. Våre representantar er opptekne av heilt andre fagområde i dei ulike komiteane. No bidreg landbruksnettverket til å vekkja interessa og breia ut kunnskapen om landbruk til fleire.

– Er landbruksnettverket ei erkjenning av at partiet Høgre tidlegare har hatt for lite eigarskap til landbrukspolitikk og prioritert feil?

– Absolutt ikkje. Det er lite tvil om at landbruket har fått ein ny giv med denne regjeringa. Den positive driven vil me vidareføra.

– De vil løfte næringsperspektivet. Bøndene driv vel alt med næringsverksemd. Korleis heng dette i hop?

– Bøndene må drive næring og tene pengar. Det er mange faktorar som spelar inn. Klimautfordringane er jo nærliggande å trekkja fram. Vårt initiativ handlar om at me vil leggja til rette for at bøndene skal nå målsetjingane som ligg i Jordbruksmeldinga. Å utnytte inntektspotensiala og å greie å handtere kostnadane, er tema saman med til dømes marknadsbalanse og produktutvikling.

Share This