HØYR!

Vil døy utan endringar

10. februar 2023

Me treng ikkje fjøs med 900.000 i kvote.

Produksjonsregulering er alfa og omega skal me få til inntektsjamstilling mellom bønder og andre grupper, seier Eldar Melbøe Kyllesø.

Sjur Håland

Bonden frå Kylles i Sandnes driv med ammeku og sau. Engasjementet for yrket har ført til at han for tida er tredje vara til styret i Norsk bonde- og småbrukarlag. Beskjeden frå 42-åringen under Varhaug-møtet var sterk og klar.

– Utan endringar vil me døy. Ei jamstilling utan produksjonsregulering vil ikkje fungera etter hensikta, utdjupar han til Bondevennen.

– I intensive område, som her på Jæren, vil auka lønsemd verka akutt produksjonsdrivande. Har bonden ei ledig avdeling i grisehuset, eller rikeleg med plass i sauehuset og økonomien blir styrka, vil ho eller han fylla opp med dyr i ein fart.

Dermed vil overproduksjonen føra til at lønsemda fell dramatisk igjen.

– Difor må me akseptera at alle produksjonane treng å regulerast.

Det han kallar systemfeilen i landbruket må tas tak i.

– Me må erkjenna at skal det bli endringar, nyttar det ikkje berre å overføre meir pengar gjennom tilskot og prisar og tru at alt då blir bra og me får ein berekraftig landbruksproduksjon.

Resultatet vil heller bli det same som etter opptrappingsvedtaket i 1975, seier han.

– Kursen blir den same. Produksjonspresset held prisane nede og bøndene som ikkje gir opp, må springa fortare. Me vil halda fram med å mista to bønder kvar dag som me har gjort dei siste 40 åra. Til slutt blir det ingen att. Eg meiner vegskiljet i høve til å ta vare på restane av familielandbruket er her og nå.

– I kva retning vil du svinga?

– Om me skal følgja styresmaktene sitt mål om 50 prosent sjølvforsyning, er det openbert at me må ta i bruk att den jorda som alt har gått ut av drift for å dyrka dei plantene som let seg dyrka her i landet. Me oppnår ikkje sjølvforsyningsmålet ved å bygga på husdyrbygningane på Jæren.

Framtidslandbruket handlar om berekraft og økonomi. Melbøe Kyllesø meiner dyretalet på Jæren er for høgt i dag.

– Noko av svine- og fjørfeproduksjonen burde vore flytt til område av landet der det er både rikeleg med spreieareal og gode høve til å dyrka korn. Me treng ikkje fjøs med 900.000 i kvote. Det held med 400.000, men desse skal ha høgare inntekt enn det dei største fjøsa har i dag.

Han erkjenner at øvinga blir vanskeleg, men meiner at dei store spørsmåla må løftast fram, samstundes med at tidfestinga for opptrappinga må koma straks.

– Me er totalt avhengige av å få tidsfesta opptrappingsplanen med ein dato. Då kan me kanskje motivere oss for å fortsette og ikkje minst investere i nye fjøs. Uvissa tar knekken på oss.