HØYR!

Vil etablera bøndenes energisamvirke

Foto: Privat

Nå må bøndene inn på eigarsida og berga stumpane av det me har att

Bøndene driv sals- og kjøpssamvirke. Kvifor ikkje også eit energisamvirke, spør Billy Grimaas.​

Sjur Håland

Mange bekker små gjer som kjent ei stor å. I tillegg kan småskala vasskraft supplerast med vindkraft og solceller.

– Norske gardsbruk har eit enormt potensial for energiproduksjon, dette kan kanskje administrerast best og bli mest lønsamt om bøndene går saman i eit samvirke. Kvar for oss blir me elles svært små og prisgitt andre, seier mjølkebonden og campingverten frå Vikedal.

Kraftprisane i Sør-Norge sprenger stadig nye rekordar. På garden til Grimaas ligg turbinrestar etter tidlegare kraftproduksjon ved fossen tilhøyrande garden. Med vernerestriksjonar er det krevjande å gå i gang med ein eventuell søkjeprosess for å bygga eit småkraftverk. Grimaas reknar med at han ikkje er den einaste som kunne tenkt seg å koma i gang med noko, men som kjenner det er eit vanskeleg landskap å manøvrera i.

– Mange syslar kanskje med planar, slik eg gjer. Så blir gjerne spranget frå tanke til handling for stort og komplisert. Eit samvirke med dei rette fagfolka, ville gjort det enklare å få hjelp med alt frå søknadsprosessar til praktisk gjennomføring og distribusjon av kraft.

Med dagens system avgrensar nettleiga lønsemda på den delen av krafta ein ikkje brukar sjølv. Ting kan endra seg fort. Grimaas har registrert at Høgre nå har teke til orde for å gjera det mogleg å avgiftsfritt dela straumen frå for eksempel eit solcelle-løetak til bygningar på naboeigedommen.

– Med eit samvirke ville det vore mogleg å kjøpa/leiga tomter for kraftproduksjon eller bygga anlegg der den beste lokaliteten finst, medan andre medlemmar av energisamvirket i staden for å bygga sitt anlegg på skuggesida, heller får tilgang på rimelegare kraft.

Kraft som blir produsert av energisamvirket vil dermed kunne bli fullt nytta i nåtid av eigarane.

– Eit energisamvirke vil også vera sterkare i forhandlingar med nettselskapa om nivået på nettleiga, seier Grimaas.

Like så vel som at bøndene sine samvirke engasjerer seg i biogassanlegg, bør det vera aktuelt for Nortura, Tine og Felleskjøpet å vera med i bøndene sitt eige energisamvirke, meiner bonden.

– Også samvirket slit med dyrare straum, til liks med oss bøndene.

Grimaas syner til den norske krafthistoria og meiner bøndene ikkje lenger har råd til å gi frå seg ressursar som transportkorridorar og fallrettar.

– Nå må bøndene inn på eigarsida og berga stumpane av det me har att. Då kan eit energisamvirke vera tingen.