HØYR!

Vil freda dei første 100.000 litrane

28. juni 2019

Det handlar om å skapa semje om å skjerma dei minste

– Landbruket treng ei nedjustering av mjølkekvotane som er solidarisk og har plass til alle, meiner leiar i Rogaland Bonde og Småbrukarlag, Stig A. Helgesen.

Sjur Håland

Grunna utfasing av Jarlsberg og auka import av mjølkeprodukt skal norske mjølkekvotar reduserast med til saman 100 millionar liter neste år. Helgesen vil at dei første 100.000 litrane av mjølkekvotane rundt om på gardsbruka blir freda, medan reduksjonen på kvotane som overstig 100.000 liter blir redusert prosentvis likt for alle. Leigekvotane blir, i følgje forslaget, redusert med same prosenttalet frå første liter.

– I botn ligg ei erkjenning om at å redusera kvotane blir smertefullt for alle. Dei fleste mjølkeprodusentane, særleg her i Vest, er små og mellomstore. Me ser det som viktig å behalda ein del av den strukturen i mjølkesektoren me har att. Då må dei små og mellomstore skjermast. Bøndene med desse kvotane er avgjerande viktige for at det skal bu folk og drivast næringsverksemd i bygder og grender rundt om i landet. Me toler ikkje ei ytterlegare svekking og avskaling.

– Kvifor brukar de ordet solidarisk?

– Det handlar om å skapa semje om å skjerma dei minste. Me er redde for at dei komande kvotereduksjonane vil medføra ei ytterlegare avskaling blant dei med kvotar i lågaste sjiktet.

Helgesen, som er bonde i Skjoldastraumen i Tysvær, har registrert at mykje mjølk har forsvunne frå sine nærområde dei siste åra.

– Norsk landbruk har ikkje fleire å ofra. Rogaland Bonde- og Småbrukarlag prøver med dette å skissera ei konkret løysing der me greier å redusera totalkvoten samstundes med at me i størst mogleg grad tek vare på det me har att av struktur.

Den aukande importen av mjølkeprodukt, uroar fylkesleiaren. I pressemeldinga i samband med kvoteforslaget vil Rogaland Bonde- og Småbrukarlag også krevja at regjeringa, som dei meiner har opna for importen, bidreg.

– Viss importauken held fram, kan me berre stenga fjøsdørene her til lands. Om politikarane meiner at mjølk skal produserast i Norge, må dei setja foten ned og seia at nå er det nok. Mjølkebøndene treng draghjelp frå politikarane.

– Korleis blir reaksjonen på dykkar innspel?

– God, håpar eg. Eg er overtydd om at dei fleste vil skjøna er at dette er vegen å gå for å redusera smertene mest mogleg for flest mogleg.

Helgesen trur solidariteten mellom produsentane blir sett på ein hard prøve til hausten.

– Skal me halda fram med stolleiken, der det er tilfeldig kven som blir ståande att utan stol når musikken stoppar, spør han. – Vårt forslag vil vera eit bidrag som gir stolar nok til alle.