HØYR!

Vil ha gratis kvote til setra

Foto: Privat

Me skulle gjerne sett at Tine sin meieristruktur vart meir desentralisert.

Alliansen ny landbrukspolitikk ynskjer ein kraftig vekst i talet på aktive setrar. Gratis mjølkekvote og meir tilskot er blant midla.

Jane Brit Sande

– Det er eit stort, unytta potensial kring setrane. Det er på tide at me tek tilbake beiteressursane i Norge, og nyttar mindre importerte ressursar til fôr. I tillegg kjem andre verdiar utover beiteressursane, som biologisk mangfald, kulturarv og produkt med særeigenskap og personlegdom, seier Silje Strøm. Ho er ein av forfattarane av Seterpolitisk melding, som nyleg vart lansert av Alliansen ny landbrukspolitikk (ANL).

I jordbruksavtala i fjor, vart det innført eit nasjonalt setertilskot via regionalt miljøprogram (RMP). ANL meiner at dette ikkje er offensivt nok.

– Me meiner det må gis friske midlar til ei slik satsing. Det må kome eit nasjonalt setertilskot, og dette tilskotet må også aukast, seier ho.

ANL meiner tilskotet må vere på 50 000 kroner for fire vekers seterdrift, 75 000 kroner for seks veker, og 100 000 kroner for åtte vekers seterdrift.

– Grunnlaget for desse summane, er kostnad for ein røktar i full stilling, seier Strøm.

I meldinga legg ANL fram ei rekke tiltak dei meiner er naudsynte for at aktiviteten på norske setrar skal ta seg opp.

– Kvoteregimet må endrast. Det er vanskeleg å starta opp med mjølkeproduksjon. Me vil ha gratis mjølkekvote opp til 100 tonn, der seterdrift er ein føresetnad. Dette gir fleire unge bønder, og idealistar, høve til å starta opp, seier Strøm.

– Mange setrar må rustast opp. Det trengs vegar i tråd med dagens krav og reglar, og vassanlegg og straum må kanskje også vere på plass. Til dette trengst eit eige investeringsprogram for setrar, seier ho.

I tillegg ynskjer ANL eit forbod mot misvisande seterreklame, auka beitetilskot til utmarksmjølk, ei styrking av avlslaga for gode beiterasar og tilskot til kastrerte oksar.

– Eit siste tiltak er ei satsing på mikromeieri og lokal distribusjon. Distribusjon av mjølkeprodukta har mykje å seie. Me skulle gjerne sett at Tine sin meieristruktur vart meir desentralisert, seier Strøm.

Eit mål i Seterpolitisk melding, er å auka talet på aktive setrar med 500 i løpet av dei neste ti åra. I dag er det om lag 900 aktive setrar i Norge.

– Er ikkje dette overambisiøst?

– Det er ambisiøst samanlikna med dagens setersituasjon. Men det kan gjennomførast. Dei økonomiske midlane i landbruket må rettast meir mot bruken av jord, og mindre mot volumstimulerande tiltak. Det må vere lønsemd i denne typen drift, seier Strøm.

Fleire politiske parti er samde om at setring er bra.

– Men det skortar på støtte frå regjeringspartia, erkjenner Strøm, som vonar at seterdrift vil kome med i jordbruksforhandlingane i år også.