HØYR!

Vil ha innsyn i målpris

2. juni 2023 | Dessutan

I dei områda det er lite budsjettmidlar er det ekstra viktig å finna rett nivå på målprisauken.

Ståle Hustoft utfordrar Tine til å opne opp om dei avvegingane dei gjer når dei kjem med innspel i målpris i samband med jordbruksoppgjeret.

Liv Kristin Sola

Går målprisen opp går mjølkevolumet ned, men kor sensitivt er eigentleg volumet i forhold til målprisen? Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, utfordrar Tine til å opne litt meir opp om vurderingane kring målprisen. Det ville gjort forhandlingspartane betre rusta for å møta forslag som kan koma på bordet i jordbruksforhandlingane.

– Det er sjølvsagt naturleg å stola på innspelet frå marknadsregulator Tine, og eg har tillit til deira vurderingar av pris og marknadsmoglegheit. Men når Tine gir sin anbefaling for årets målprisauke, utan meir utgreiing, gis det lite handlingsrom for faglaga og forhandlingsutvalet.

Hustoft minner om at det skal vera ein forskjell på målpris og planlagt gjennomsnittleg engrospris, PGE, slik me har på mellom anna kjøt.

– På mjølka har me målpris. Den skal partane fastsetja i jordbruksforhandlingane, seier han.

I sitt innspel til årets jordbruksforhandlingar, føreslo Tine ei auke i målpris på 33 øre per liter. Eit innspel som Bondelaget tok med seg inn i forhandlingane. I staten sitt tilbod vart målprisen sett ned til 28 øre, men i avtalen vart den heva til 33 øre.

– Kvifor stoppe på 33 øre, og ikkje 40? Kva for vurderingar gjer Tine rundt desse tinga? Hadde faglaga visst meir om vurderingane og konsekvensane, hadde me også visst meir om handlingsrommet med tanke på å prøve å forhandle målprisen opp – litt, seier Hustoft, som sjølv er mjølkebonde og har vore tillitsvald i Tine i mange år.

Han meiner det er forhandlingspartane sin jobb å gjere desse vurderingane i siste runde. Om konsekvensen av å auke målprisen med 40 øre er éin prosent ned i forholdstal, kan det hende faglaga i forhandlingssituasjon kunne vri målprisen opp eit lite knepp og godta ein liten volumnedgang.

– Men er det slik at sju øre ekstra ville sett heile systemet i ubalanse, og me risikerer å ende på 0,8 i forholdstal, stiller saka seg sjølvsagt annleis. Men eg vil vete det, seier Hustoft.

– Så veit eg at dette også handlar om industri, meieristruktur, logistikk, og import på varer som ikkje har toll. Utfordringane står i kø, men som sagt, skulle eg ønske at faglaga var sterkare involvert i denne prosessen saman med Tine.

Hustoft vil halde fram å minne Bondelaget på å spør om innsyn, og utfordrar Tine til å opne opp for ein viss grad av openheit.

– Mjølkeprodusentane ønsker og treng ei høgast mogleg lønsemd i sin produksjon. I dei områda det er lite budsjettmidlar, er det ekstra viktig å finna rett nivå på målprisauken. Kunnskap om mjølkemarknaden og korleis prisen vert sett, gir meir tillit at den framforhandla målprisen er den rette prisen, seier Hustoft.