HØYR!

Vil ha øvre aldersgrense for tilskot

apr 5, 2019

…vondt å sjå at somme vel å drive jorda ekstensivt berre for å ha noko å gjere på,…

Erlend Brede Fossen trur ei avkorting av produksjonstilskot til pensjonistar kan styrke rekrutteringa og gjere det mindre attraktivt med ekstensiv drift av jorda.

Liv Kristin Sola

Fram til 2009 vart produksjonstilskotet avkorta med 25.000 kroner når søkar passerte 70 år. No vil saue- og storfebonde Erlend Brede Fossen, ha tilbake ordninga. Bonden frå Viksdalen i Gaular i Sogn og Fjordane, ønsker ei halvering av tilskot til søkar ved fylte 67 år.

Sikre rekruttering

Fossen har sett seg lei på at bønder som passerer pensjonsalder vel å halde fram, men driv for halv maskin.

– Skal me klare å sikre rekruttering må me syte for at dei unge får sleppe til for å drive og eige gardane. Om ingen i slekta vil ta over, er det andre bønder som treng å sikre arealgrunnlag for eiga drift, eller unge som vil inn i næringa.

Han viser til at ekstensiv drift reduserer avlingspotensialet i ei tid kor mange har grovfôrmangel.

– Då er det vondt å sjå at somme vel å drive jorda ekstensivt berre for å ha noko å gjere på, eller hale dei siste kronene ut or systemet.

Bønder som vel å drive ekstensivt bidreg med produksjonsvolum til ein metta marknad. Dei får same pris og vilkår som aktive unge bønder, i tillegg til pensjonen. Fossen meiner det indirekte går ut over dei som har investert, som er heilt avhengige av god pris for varene.

– Hadde aktive bønder fått hand om den jorda som no vert driven ekstensivt, kunne volumet vore stabilt, men meir av fôret kunne vore hausta lokalt.

Reduserer kvaliteten på jorda

Fossen minner om at det ikkje går mange år med dårleg drift før forfallet byrjar.

– Redusert gjødsling, få slåttar, dårleg drenering, stadig breiare kantsonar og dårleg avling gjer det krevjande for neste brukar å få jorda i god hevd.

– Men ekstensiv drift treng ikkje vere avhengig av alder?

– Nei, men unge bønder er viktige for miljøet i bygdene og har framtida føre seg. Har dei interesse må dei få drive sjølv om det i verste fall går i minus og drifta må subsidierast med lønsinntekter. Deltidsbonden er viktig for bygda.

– Du vil samstundes straffe eldre bønder som driv aktivt og godt?

– Ja, men me har nok av alt her i landet. Det er eit tidsspørsmål før dei legg inn årene uansett. Då er volumet vekke og jorda kan vere så dårleg stelt at ingen ser seg råd til å sette den i drift igjen.

Fossen veit han trakkar yrkesbrør på tærne, men utfordrar Bondelaget til å våge å ta avgjersler som kan bli upopulære.

– Det vert så mykje generelt, eg saknar at me meiner noko. Bondelaget må bli tydelegare på kva dei meiner med rekruttering.

Share This