HØYR!

Vil ha sintare bønder

Bøndene vil gjerne unngå å kasta bensin på bålet og heller gå stilt i dørene for å unngå å bli hakka på. Det meiner eg er feil.

Norske bøndene er for snille når dei tar til motmæle. – Aksjonsformene berer mest preg av sjølvmedisinering, meiner Jon Arne Vadla.

Sjur Håland

Jordbruksforhandlingane er i kjømda. Vardebrenning, mjølkestreik og andre milde markeringar er ikkje vegen å gå, dersom bøndene treng å gi grundig beskjed til styresmaktene og storsamfunnet, meiner Vadla.

På årsmøtet i Rogaland Bondelag oppmoda bonden organisasjonen til å kikka mot praksisen hjå rasande belgiske kollegar og vurdere litt meir «militante» aksjonsformer, neste gong det blir trykka på aksjonsknappen.

– Ein del av markeringane me har vore med på dei siste åra, er meir sjølvmedisinering enn ein god måte å seia i frå om at me er sinte, skuffa og krev endringar, seier han.

Bonden på Sjernarøy i Finnøy driv med mjølkeproduksjon og er leiar i Sjernarøy Bondelag. Hardare lut kan kombinerast med milde tiltak, presiserer han.

– Om me til dømes sperrer distribusjonsanlegg for utkjøring av varer til butikkane, slik at det svir litt ute i samfunnet, går det an å kombinere dette med å dela ut landbruksvarer, kaffi og brosjyrar, slik me har gjort før, seier han.

Vadla er ikkje framand for å sleppa laus ein flokk med sauer i sentrum av Stavanger for å skapa oppstuss og uorden.

– Eller me kan stoppa ferjetrafikken i eit lite tidsrom. Eit anna alternativ er å gjennomføra ein kjør sakte-aksjon, slik me har gjort før.

Bøndene er, i følgje Vadla, alt for redde for å irritera folk.

– Landbruket har gjerne ikkje den store statusstjerna der ute. Enkelte dyrevernorganisasjonar er etter oss og maten blir oppfatta som for dyr. Bøndene vil gjerne unngå å kasta bensin på bålet og heller gå stilt i dørene for å unngå å bli hakka på. Det meiner eg er feil.

Vadla synar til andre yrkesgrupper som han meiner er temmeleg tøffe når dei aksjonerer og skapar trøbbel i samfunnsmaskineriet.

– Faktisk ser me at dei av og til er svært nær grensa til at det kan gå ut over liv og helse. Så ser me at etter at partane har oppnådd semje, blir aksjonen gløymt, og livet går vidare. Folks minne er kort.

– Så du er ikkje så redd for at bøndene mistar det dei måtte ha av truverd og godvilje blant folk flest om de blir litt meir «belgiske»?

– Nei, men det handlar sjølvsagt om situasjonen og kva staten tilbyr oss i jordbruksoppgjeret. Får me eit skambod, der staten synar liten vilje til å nærma seg bøndene sine krav, slik det var då Listhaug var landbruksminister, meiner eg me har rett til å vera tøffe. Det vil folk skjøna, og då får me mediedekning. Dei fleste yrkesgruppene kjem før eller sidan opp i liknande situasjonar. Då er svaret streik, og då vil ein aksjon gå ut over andre ein kort periode.