HØYR!

Vil hindra at lokalt vatn blir drikkevatn

Det er urovekkande at dei ikkje tar høgd for auka dyretal og meir intensivt dyrehald

Grunneigarar ved Birkelandsvatnet i Bjerkreim fryktar restriksjonar dersom vatnet skal nyttast som drikkevatn.

Jane Brit Sande

Saka om Birkelandsvatnet i Bjerkreim er inne i sitt siste kapittel. Bondelaga i Bjerkreim og Gjesdal, saman med 38 grunneigarar, har anka avgjerda om å gi IVAR IKS, eit interkommunalt selskap med ansvar for vatn, avløp og renovasjon, konsesjon til å nytta Birkelandsvatnet som drikkevasskjelde. Bjerkreim er ikkje med i dette interkommunale samarbeidet.

– Me fekk lagt fram saka vår på ein god måte, og blitt lova ei grundig handsaming av saka vår, seier Bente Gro Milwertz Slettebø, styremedlem i Rogaland Bondelag, få timar etter at ho, saman med tre andre grunneigarar, har vore i møte med Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

– Me ber altså om ei oppheving av denne konsesjonen. Det er ikkje godt nok utreda kva konsekvensar denne kan føre med seg, seier Milwertz Slettebø.

– Vatnet ligg i eit aktivt landbruksområde. Dette la også Rogaland fylkesutval til grunn då dei ikkje tilrådde konsesjon.

IVAR IKS vil ikkje utreda kva restriksjonar det kan føra med seg, om konsesjonen får halde fram.

– Argumentet for dette, er at det ikkje blir restriksjonar for landbruket rundt vatnet, seier Milwertz Slettebø.

Grunneigarane og bondelaga trur ikkje dette vil vere tilfelle i all framtid.

– Då IVAR IKS fekk konsesjon til å nytte Storvatn i Gjesdal som drikkevatn, var det heller ingen restriksjonar. Men dei kom ti år seinare. Det råka landbruket rundt vatnet i form av restriksjonar mot beitedyr og husdyrgjødsel, påpeiker Milwertz Slettebø.

Ho trekk fram at Folkehelseinstituttet (FHI) sine råd for drikkevasshygiene ikkje er teke omsyn til.

– FHI trekk fram svinehald som døme på husdyrhald som ikkje er ønskt i nedbørsfeltet til ei drikkevasskjelde. I området rundt Birkelandsvatnet er det to slike gardar. I tillegg ligg både campingplass og hytter heilt nede i vasskanten.

I konklusjonen for konsesjonen har NVE lagt tal på husdyr i 2014, spreieareal og dagens vasskvalitet til grunn.

– Men me veit ikkje korleis landbruket vil utvikla seg i framtida. Det er urovekkande at dei ikkje tar høgd for auka dyretal og meir intensivt dyrehald. Gjødsel kan handterast på mange ulike måtar i framtida, argumenterer ho.

Lenger oppe på heia, i Gjesdal kommune, som er med i IVAR IKS, ligg Store Myravatn.

– Like stort, minst like god kvalitet, og utan konflikt, påpeiker Milwertz Slettebø.

– Men det handlar om pengar.

No set grunneigarane si lit til Frp-politikarane i departementet.

– Partiet er kjend for å løfta fram eigedomsretten og lokal forvaltning. Dette er to verdiar som blir utfordra om konsesjonen blir ståande, seier Milwertz Slettebø.