HØYR!

Vil ikkje ha blåruss i samvirke

Foto: Stortinget

Min kritikk kjem av at eg opplever fleire tilfelle der det kan sjå ut som at ei ukontrollert marknadstenking går føre seg

AP-politikar Nils Kristen Sandtrøen meiner at landbrukssamvirke må styrkast og styrast av bøndene, ikkje blårussen.

Sjur Håland

– Samvirke på sitt beste skal syte for at det er mogleg å produsera mat i heile landet. Vi har eit land med store variasjonar, med fjord, fjell og dalføre. Her nyttar det ikkje å driva landbruk med ukontrollerte marknadsmekanismar, seier han.

Sandtrøen er stortingsrepresentant og landbrukspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, som etter meiningsmålingane ligg an til å hamne i regjeringsposisjon etter stortingsvalet.

– Kva legg du i samvirke på sitt beste?

– Det er eit reelt demokrati der alle arbeider mot felles mål, som er matproduksjon i heile landet. Min kritikk kjem av at eg opplever fleire tilfelle der det kan sjå ut som at ei ukontrollert marknadstenking går føre seg. Det er her blårussomgrepet kjem inn som ei definerande kraft, i staden for at ein tenker like vilkår uavhengig om du driv eit mindre gardsbruk i Sogn og Fjordane eller ein stor korngard i Østfold.

Sandtrøen held fram at Stortinget sin landbrukspolitikk er bygd på å utjamne geografiske skilnadar og gjera det mogleg for alle bøndene å levere varene sine.

– Men så ser vi dessverre at det blir gitt ekstra bonusar og høgare priser for produsentar som leverer store kvantum. Nokre av dei interne avgjerslene i samvirket bidreg til å nulle ut det som er den nasjonale politikken, når det blir høgare bonusar og tillegg for dei som leverer ekstra mykje.

Samvirket må styrast av medlemmane med klart mål om auka plante- og kornproduksjon til både folk og dyr, meiner han.

– Då vil det smarte vera om Tine, Nortura og Felleskjøpet hadde blitt samde om å gå i same retninga som dei raudgrøne partia har peika ut. Nemleg å auke sjølvforsyninga her til lands basert på norske ressursar.

Det betyr mellom anna at kornproduksjonen i randsonene må styrkast, meiner han.

– Det blir det motsette av det som skjer nå, kor det blir gitt ekstra støtte til dei største kornbruka i sentrale strok.

AP-politikaren meiner at Tine og Nortura må vera tydelege på at dei ønskjer ein husdyrproduksjon i Norge som i langt større grad er basert på norsk plantemateriale.

– I praksis betyr det at vi må ta i bruk dei areala som er i ferd med å gå ut i Distrikts- Norge.