MI MEINING

Vil ta tilbake råvaremakta

Står dei private aktørane sterkare, slepp me råvaremakta frå oss.

– Me bønder må vere meir medvitne og meir samla om makta over råvarene, seier bonde Sigmund Rangen.

Jane Brit Sande

– Me bønder i husdyrfylket Rogaland sit på ein råvaremakt me ikkje er medvitne nok på, seier Sigmund Rangen, mjølkeog svineprodusent i Hå kommune.

Han har vore bonde sidan 1984, og har sett store endringar i daglegvarehandel og industri.

– Bøndene har mista mykje makt på desse åra. Konkurransen om råvarene er sterk. Det er dei bondeeigde aktørane, mot dei såkalla private, seier han.

Rangen er samvirkebonde, men understrekar at han ikkje er ute etter å rakke ned på dei bøndene som leverer sine råvarer til andre aktørar enn samvirka.

– Men kvar enkelte bonde må vere medvitne om kva val me tar. Det må handle om meir enn å få litt betre betalt per kilo eller liter. Me må vere meir medvitne og meir samla om makta over råvarene, seier han.

– Det kan ikkje handle om å få det største kakestykket. Det må handle om å ha litt is i magen, slik at me kan få ei større kake.

Bøndene i jærregionen får 80 prosent av inntekta si gjennom marknaden. For mange bønder gløymer dette, hevdar Rangen.

– I Hå kommune, Norges største husdyrkommune, har bondeeigde Nortura under 40 prosent av råvaretilgangen. I dette området er andre aktørar inne og tener på korte avstandar.

– Bøndene er opptekne av produksjon, vêr og vind, jordbruksavtalen, og så vidare, men gløymer sluttmarknaden. Ved å vere meir medvitne og meir langsiktige i vala me tek, vil me ha meir makt innanfor tollvernet, seier han.

Rangen omtalar daglegvarehandelen som deltakarar i eit spel, der råvareprodusentane, altså bøndene, er brikker kjedane har kontrollen over.

– For daglegvarekjedane og kapitalkreftene handlar det om å splitte produsentane, slik at dei sjølve sit igjen med makta. Dette spelet er ein av årsakane til at lova om god handelsskikk kjem, seier han.

Butikkane bognar av eigne merkevarer (EMV). Rangen meiner landbruket sjølv har bidrege til å bygge dette opp.

– Særleg på kjøtvarene dominerer EMV. Det er knapt annonsering på kjøtvarene frå dei bondeeigde aktørane. Bøndene har sjølve bidrege til dette, og det er kreftene bak EMV som har styringa.

Bonden trekk fram dyrevernsorganisasjonane som ein part som verkeleg har forstått kvar makta sit.

– Når dei skal drive lobby-verksemd, går dei rett på daglegvarekjedane. Dei er realpolitikarar. Sjå berre til kva dei har fått til i eggeproduksjonen, med hjelp av massive kampanjar. Det er skremmande, seier han.

Rangen vonar fleire bønder vil velje samvirka i framtida.

– Då står me sterkare som gruppe. Står dei private aktørane sterkare, slepp me råvaremakta frå oss. Det kan me ikkje la skje.