HØYR!

Vil teljedatoen til livs

feb 26, 2021

Foto: Privat

Utan desse to datoane ville slakteria fått jamnare tilgang slakt gjennom året.

– Teljedato som grunnlag for utbetaling av husdyrtilskot bør erstattast med gjennomsnittstal, meiner Olav Myhr.

Liv Kristin Sola

Mjølkebonde og styremedlem i Vestland bondelag, Olav Myhr, veit han har mange med seg når han vil teljedatoane til livs. Nyleg haldt han eit innlegg om temaet i møte med to andre fylkeslag og arbeidsutvalet i Norges Bondelag.

– To dagar i året er det ekstra kjekt å ha mange dyr, 1. mars og 1. oktober, altså på teljedatoane. Med dagens teknologi bør me klare å finne løysingar for å gå over på gjennomsnittstal. Det vil vere meir rettferdig for alle partar, seier Myhr.

I Vestland har førti prosent av mjølkebruka færre enn femten kyr. For mindre og mellomstore bruk utgjer tilskota ein betydeleg del av inntekta. Det er freistande å ta teljedato med i driftsplanlegginga, men systemet har uheldige konsekvensar.

– Om ei kvige kalvar rett etter teljedatoane vil det bety om lag to tusen kroner mindre i lommeboka til bonden, om ein reknar med kalven. For mange vil det også påverke avløysartilskotet, seier Myhr.

Systemet med teljedato slår også tilfeldig ut for bruk som har haustkalving og ønsker å nytte fjellbeitet eller kulturbeiter som ligg langt frå fjøset.

– Tine har auka tillegget for sommarmjølk for å dekke etterspurnaden etter mjølk. Slik må det nok være. Men bønder som har haustkalving fordi dei har utmarka som ein viktig del av ressursgrunnlaget, kan bli råka dobbelt. Får dei ikkje kalv i kvigene slik at dei kalvar før 1. oktober, kan tapet fort bli 10.000 kroner. Det kjem i tillegg til at mjølkeprisen går kraftig ned frå oktober. Igjen råkar dette dei mindre bruka sterkast fordi dei har dei minste marginane, seier Myhr.

Mjølkebonden trur ingen er tente med dagens system, korkje bonden, dyra eller slakteria.

– Utan desse to datoane ville slakteria fått jamnare tilgang slakt gjennom året, seier han.

Mange vel å utsette slakting til over teljedato for å få tilskot for dyra som skal slaktast. Dermed må slakteria skru opp prisane i vekene før desse to datoane for å freiste bøndene til å levere slakt.

– I verste fall kan teljedatoen gå ut over velferda til dyra. Dyr som kunne vore slakta blir halde til over teljedato, ein direkte konsekvens av dette systemet, seier Myhr.

Som eit alternativ til teljedato viser han til system som kukontrollen og husdyrregistera. Kvar enkelt bonde er plikta til å halde husdyrregisteret oppdatert. At det er ein del avvik i desse systema meiner han ikkje er eit godt nok argument for å behalde teljedatoane.

– Dersom mangelfull rapportering og avvik førte til trekk i tilskot trur eg dette ville rette seg ganske raskt. Truleg ville me fått orden på husdyrregistreringane våre også. Og me ville fått eit mykje smidigare og meir rettferdig system for husdyrtilskot seier Myhr.  

Share This