HØYR!

Vil vere ei stemme for kraftfôrbrukarane

9. juni 2023 | Dessutan

Me er jo gode nok til å betale.

FKRA vil ha plass i Norges Bondelags Representantskap.

Jane Brit Sande

Lovendringar er på sakslista til Norges Bondelags årsmøte i neste veke. Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har sendt inn søknad om å delta i Norges Bondelags Representantskap (rep.skapet). Det er første gong samvirket søker.

– Me representerer mange medlemmar i eit stort område. Vår deltaking vil bety mykje for bøndene, slik som deltakinga til andre organisasjonar i rep.skapet, seier Sveinung Svebestad, styreleiar i FKRA.

I søknaden skriv FKRA at det vil vere nyttig for dei å ha meir direkte kunnskap til utforminga av Bondelagets politikk og prioriteringar. Deltaking i rep.skapet ser dei som den beste måten å betra dette på.
Men samvirket er allereie inkludert – litt.

– Landbrukets informasjonsfond finansierer kvart år ein informasjonskampanje i forkant av jordbruksforhandlingane. Me er med på denne finansieringa saman med dei andre store samvirkeorganisasjonane, men me vil også vere med å påverke, seier Svebestad.

– Me er jo gode nok til å betale, seier han retorisk.

FKRA var dels med i rep.skapet før, gjennom Norske Felleskjøp si deltaking. Men no er Norske Felleskjøp lagt inn i Agri.

– Sett bort frå at Agri er marknadsregulator for korn, er me to likeverdige felleskjøp, der berre eitt er med i rep. skapet, seier Svebestad.

– Dei er i stor grad kornprodusentane sin representant inn i rep.skapet. FKRA kan vere kraftfôrbrukarane sin posisjon. Det vil vere nyttig, seier Svebestad.

FKRA sitt område representerer kring 30 prosent av husdyrhaldet i Norge.

– Me kan snakke deira sak, og bidra med innsikt og kompetanse om alle forholda kring kraftfôr inn i rep.skapet, seier han, og nemner innkjøpsfunksjonen.

– Vår rolle som innkjøpssamvirke er svært viktig for å halde kostnadane hjå bonden nede.

Svebestad seier at saker om kraftfôr ofte er einsidig framstilt, og at FKRA vil bidra med å synleggjera fleire sider.

– Til dømes er det mykje norsk korn i kraftfôret. Det sikrar kornmarknaden. Me kjøper av overskotskornet, som er korn som er av for dårleg kvalitet til å vere matkorn. Eller som rett og slett er til overs fordi marknaden er metta, seier han, og referer til det offentlege ordskiftet som gir inntrykk av at importert soya er hovudingrediens i kraftfôret.

Svebestad er informert om at styret og rep.skapet i Norges Bondelag går inn for å gi FKRA eit positivt svar på søknaden.

– Men det var røyster mot, seier FKRA-styreleiaren.

– Dei bør tenke seg om.