BN+

Grønt gull: Miljøkua på Voss + matavfall vil produsere biometan tilsvarande 8-10 000 kilometer i tillegg til gjødsel til graset. Foto: Svein Ulvund, illustrasjon: Jan Godzimirski


Fleire stader på Vestlandet vurderer ein biogassanlegg. Landbruket er ein viktig aktør som leverandør og mottakar av husdyrgjødsel. Utfordringane, men òg moglegheitene, står i kø.


Mari Aker, NLR Vest


Biogassproduksjon vil gje klimagevinstar, og det er eit nasjonalt mål at 30 prosent av husdyrgjødsla skal gå gjennom eit biogassanlegg. Biogass er biproduktet vi får av anaerob nedbryting av organisk materiale (anaerob nedbryting = nedbryting utan luft). Sjølve prosessen skjer av seg sjølv i husdyrgjødsel så lenge vi stenger lufta ute. Rundt om i verda er det millionar av små biogassanlegg; spesielt i India og Kina. Her vert gassen nytta til matlaging eller oppvarming.

Miljøgevinst med biogassanlegg

Husdyrgjødsel, matavfall, slam, slakteriavfall og fiskeensilasje er døme på organisk materiale som kan nyttast i eit biogassanlegg. Biogassen som kjem direkte frå reaktoren inneheld om lag like mengder metan og karbondioksid. Dersom vi oppgraderer gassen (reinsar for CO2) og komprimerer gassen kan den nyttast til drivstoff; også kalla biometan. CO2 frå prosessen kan nyttast som vekststimulans i veksthus, eller til industrielle føremål som til dømes tørris. Husdyrgjødsla som har gått gjennom biogassanlegget vil ha mindre metantap frå lager.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: