Tillitsfulle og rolige dyr er enkle å handtere.

Tillitsfulle og rolige dyr er enkle å handtere.

I vinter og vår har prisnivået på skinn og lønnsemda i minkproduksjonen gått ned med 40 prosent, sett i forhold til fjorårets toppresultat. Årets siste auksjon, nå i september, avslutta veldig positivt ved at prisnivået igjen steig. For å sikre god lønnsemd i framtida er det viktig å ha fokus på godt dyrestell og gode avlsdyr. Det er berre på den måten, du som pelsdyrbonde, kan møte framtida.

 

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

 

Dei siste åra har lønnsemda i minkproduksjonen stege for kvart år, og i fjor «toppa» ein lønnsemda ved å oppnå så gode skinnprisar som næringa ikkje hadde sett på 30 år. Allereie på årets første auksjon, merka vi ei markant endring i etterspurnaden etter skinn og dalande skinnprisar. Ei korrigering i marknaden var også naudsynt med dei store råvarekostnadane som skinnoppkjøparane pådrog seg i fjor. Difor er det nå gledeleg å sjå at marknaden, på årets siste auksjonar, igjen viser positive signal med stigande prisnivå. Fjorårets gjennomsnittspris for all norsk mink var 550 kr. På siste auksjon, i september, oppnådde ein 350 kr i gjennomsnittspris. Sjølv om septemberauksjonen, i utgangspunktet utbyr mykje skinn av lågare kvalitetar, så er prisnivået på auksjonane etter sommaren høgare enn gjennomsnittsprisen for minkskinna siste 10 år. Den har vore på 340 kr per skinn.

Fokus på gode livdyr

Norsk mink har dei siste 20 åra gått gjennom ein rivande utvikling. På 1990-talet var ein typisk norsk mink middels stor, men grovhåra og hadde dårleg pelskvalitet. Med godt stell og systematisk avlsarbeid, med sterkt fokus på pelskvalitet, er norsk mink i dag eit av verdas mest etterspurte pelsprodukt. I tillegg til dyktige og framtidsretta bønder, har denne utviklinga skote fart dei siste 10 åra ved at det har vore ein betydelig import av nytt avlsmateriale frå Danmark. Dagens norske minkskinn er store, korthåra og har svært god pelskvalitet. Ulempa med å ha sterkt fokus på nokre eigenskapar er at ein kan miste fokus på andre, som sterkare vektlegging på kvelperesultat og auka merksemd rundt fôrkostnader per produsert skinn.

Invester i nye livdyr nå når prisen er låg

Me dei fantastiske skinnprisane som var i fjor, hadde alle minkbønder ei svært god inntekt. Når skinnprisen i snitt er 40 prosent lågare, er dette ein stor utfordring, spesielt for dei produsentane som har låge kvelperesultat og oppnår dei lågaste skinnprisane. Prisen på livdyr er omtrent halvert siste år. Nå er det oktober, i november starter pelsinga. Kjøp inn nye livdyr og skift ut eigen besetning. Det er når skinnprisane er lågast, etterspurnaden og prisen på livdyr er lågast. Ta kontakt med Norges Pelsdyralslag så skal vi formidle kontakt vidare til produsentar som har gode og rimelige livdyr til sal.

Fokus på fruktbarheit og morseigenskapar

Det er ein kjennsgjerning at sterk fokus på ein eigenskap vil favorisere denne. Eit godt døme er avlsarbeidet på sau. I mange år blei fruktbarheit vektlagt med 40 prosent i sauekontrollen, dei siste åra er denne redusert til 6 prosent fordi det nå blir fødde nok lam. For pelsdyrnæringa har det vore stort fokus på pelskvalitet og storleik. Dette har gjort at kvar enkelt produsent har prioritert desse eigenskapane framføre fruktbarheit og morseigenskapar. Over tid har ein sett at kvelperesultatet har gått noko ned. Nå er det viktig å auke fokus på denne eigenskapen. Før pelsing bør du gå gjennom heile minkgarden nøye. Vel berre ut livdyr frå mødrer med gode mjølkeeigenskapar og som har fått fram fine, store kull. Pels alle dyr frå små kull og kull der det har vore «klatt». Eigenskapar som du må vektlegge er rolige og tillitsfulle dyr. Dei veks best, dei er lettast å handtere og dei viser lite aggresjon.

Reduser fôrutgiftene

For mange dyreslag er det gjort eit stort avlsarbeid på fôrutnytting, jfr. gris og fiskeoppdrett. For mink er det ikkje gjort noko verdens ting. Når vi veit at 70 prosent av dei variable kostnadane for minkbøndene er fôrkostnader, er det underleg at ikkje bøndene har hatt fokus på desse kostnadene. I dag finnes det teknologi og individuelle fôringsprogram for mink. I Danmark er dette testa ut og forsøk viser at du kan spare 10 prosent av fôringsutgiftene. Ein middels minkgard, på 1.000 tisper, har fôringskostnader på om lag 760.000 kr per år, med ein fôrpris på 3,10 kr per kilo. Ein reduksjon i fôrkostnadene på 75.000 kr er svært bra. Fordelen med individuell fôring er også at det er eit enormt godt verktøy for å få overblikk over minkgarden og helsesituasjonen i anlegget. Vert dyr sjuke, er som oftast første teikn at dyra løyver fôrrasjonen sin. I tillegg vil avløysaren fôre ut på kiloet det same som du hadde gjort. I slutten av året vil du som produsent kunne skrive ut ei rangert liste over alle bur i minkgarden. Legg vekt på dyr som har gode oktobervekter på lågaste fôrforbruk.

Gjer grep i år

Alle bønder kan gjennom sin eigen salsorganisasjon sjå korleis dei ligg i forhold til gjennomsnittet. Eksempelvis får sauebønder sine ROS analyser frå Nortura, minkbøndene får også sine sals rapportar. I tabell 1, syner vi kva resultat ein medels produsent kan oppnå ved å auke skinnprisen med 10 prosent eller kvelperesultatet med ein halv kvelp. Klarer du, ved bevisste val, også å redusere fôrkostnadane vil alle desse faktorane gi heile 360.000 kr meir i lønnsemd. Gjer viktige grep i år, og ver betre rusta for framtida. Lukke til!