BN+

Klimavenleg: Direkte lystgassutslepp reduserer ein ved å spreie blautgjødsel når temperaturen er låg, pH i jorda er optimal, jorda er godt drenert og har lite jordpakkingsskader. Stripespreiing, slik som på bilete, reduserer dessutan faren for ammoniakktap og indirekte lystgassutslepp. Foto: Thea Hjertuslot


Nøkkelen til klimavenleg gjødsling med husdyrgjødsel er å ta vare på nitrogenet slik at det kan nyttast til plantevekst. Det kan ein oppnå ved redusert ammoniakktap og avrenning og god agronomisk praksis, slik at utsleppet av lystgass blir minst mogleg.


Synnøve Rivedal, Levina Sturite (begge NIBIO), Sissel Hansen (NORSØK), Peter Dörsch (NMBU)


Når jordbruket skal redusere sine klimagassutslepp er det viktig å fokusere på kva som kan betrast i eksisterande drift. Korleis husdyrgjødsla blir spreidd betyr mykje for bevaring av nitrogenet og utslepp av lystgass (N2O). Lystgass utgjer rundt ein tredel av utsleppa tilskriven jordbruket og er dermed viktig for jordbruket sitt klimarekneskap. Nær 75% av lystgassutslepp i Noreg kjem frå jordbruket. Per kg gass har lystgass nær 300 gonger så stort oppvarmingspotensial som det CO2 har.

Utsleppsrekneskap

Norge rapporterer sine klimagassutslepp etter retningslinjer utforma av FN sitt klimapanel (IPPC). Retningslinjene endrar seg når ny kunnskap kjem til. I dag brukar Norge retningslinjene frå 2006, der det blir rekna eit direkte utslepp av lystgass på 1% av tilført nitrogen (N) både frå mineralgjødsel og husdyrgjødsel. For husdyrgjødsel blir lystgassutsleppet rekna utifrå innhald av total-N. Det er rekna at 1% av ammoniakk (NH3) og NOx som er fordampa til luft og 0,75% av nitrogenet som er utvaska/runne av kan gå tapt som lystgass på eit seinare tidspunkt. I nye retningslinjer (IPCC 2019) er standard utsleppsfaktor for direkte lystgassutslepp 1,6% for mineralgjødsel- N og 0,6% for husdyrgjødsel-N og andre organiske gjødselslag i vått klima, medan den er 0,5% for alle gjødselslag i tørt klima. Det er usikkert når nye retningslinjer blir tatt i bruk i Norge.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,