37_fagartikkel

 

Spørsmålet om fordeling av inntekt er aktuell i mange samanhengar.
Med strukturendringa i landbruket får ein mange samarbeids- og leigekonstellasjonar.

 

Eivind Vik
TINE Rådgiving og Medlem, Sør

Då melder spørsmålet seg om korleis ein skal verdsetja dei ulike innsatsfaktorane. Også ved kjøp og sal av eigedom eller kvote kjem dette fram, og er avgjerande for prissetjinga.

Driftsgranskingane i Jordbruket 2010 (NILF) syner at bruka i Rogaland og Agder har ei lønsevne på vel kr 120 pr time. Dette ligg på 76 % av kostnad til leigd arbeidskraft. Då er ei kalkulert rente på 3% til godtgjersle til bunden kapital trekt frå.

Arbeid og kapital

Garden sitt driftsresultat skal dekkja arbeid og kapital. Med kapital tenkjer ein her på alle innsatsfaktorar som jord, bygningar, maskinar, kvote, buskap og varelager. Kapitalen skal ha si godtgjersle anten brukaren låner beløpet i bank, eller han har sett inn sin eigen kapital i bedrifta. Tradisjonelt har ikkje bonden vore særleg oppteken av fordelinga mellom arbeid og kapital. Arbeidsviljen har vore stor og det er sett i gang mange prosjekt der ein legg til grunn låg timebetaling for eige arbeid, noko driftsgranskingane òg syner. Dei mest effektive bruka kan likevel klare både god timebetaling og ei rimeleg avkastning på kapitalen.

Gjev utfordringar på fordeling

I samdriftene finst mange ulike løysingar på korleis dei ulike deltakarane bidreg med arbeid og kapital. Det kan vera vanskeleg å finna «rett» fordelingsnøkkel av økonomien mellom partane. Kven skal ha sitt vederlag først? Kven skal ta gevinst eller tap ved god eller dårleg drift? Kva alternativ har ein for anna arbeid, eller anna disponering av jord og bygningar? Er det slik at alle vil ha færrast timar for å kunna jobba mest mogeleg i anna arbeid? Eller er det slik at nokre vil ha mest mogeleg arbeidstimar? Her er mange ulike interesser som vil koma opp, og det finst ingen standardsvar på fordelingsnøkkel. Kvar drift må drøfta sine tilhøve og gjera kvalifiserte vurderingar på dette.

Det finst marknadsprisar for kjøp og sal av fôr, jordleige og arbeidskraft som kan brukast som rettesnor. Men det er ikkje alltid dette vil vera rett. For at kapitalen skal få si godtgjersle er ein avhengig av at nokon vil arbeida. Mange stader finst ikkje alternativ bruk av jorda til anna enn grasdyrking. Då må ein ha husdyrhald for at jorda skal ha verdi.

Jordleigeprisar stig

Det er tilhøvet mellom tilbod og etterpørsel som avgjer prisen på jordleige. Statens Landbruksforvaltning (Slf) innhentar kvart år oversyn over marknadsprisar på leige av jord brukt til ulike føremål. Statistikken for 2012 syner at leigeprisane brukt til grasdyrking har stige noko siste året, og ligg no på same nivå som i år 2000. I 2005 låg prisane på 70 % av nivået i år 2000. Det er store variasjonar mellom område, og det er stor variasjon i prisnivå. Jord brukt til grønsakdyrking har høgast jordleigeprisar. For grasdyrking vert stadig meir areal leigd bort gratis. Eigaren vil at jorda blir brukt òg for å hindra gjengroing. For meir marginale område vert dette stadig oftare hovudreglen. Likevel ser ein at ein del jord i marginale område går ut av drift. Etterspørselen vert her langt mindre enn tilbodet. I dei gode landbruksområda er framleis etterspørselen god og jordleigeprisane stig.

Vurdering av jordleige

Ein metode for å fastsetja leigepris på jorda, kan vera å gå ut frå marknadsprisen på grovfôret , evt. anna fôr som kan erstatta grovfôr. Pris på kraftfôr som kan erstatta grovfôr kan setjast til kr 3,00 pr FEm. Verdien av leigejorda vil vera avhengig av jordkvalitet og kva som skal dyrkast der. Vidare vil dine eigne dyrkingskostnader vera avgjerande. Har du effektivt system med låge maskin- og arbeidskostnader? Er det godt arrondert? Ligg det langt frå driftsbygningane? Kor stor avling kan du ta?

Ved vurdering av utvida produksjon, reknar mange at dei faste kostnad­ane ligg der frå før, og ein treng ikkje ta dei med i reknestykket. På kort sikt kan dette vera rett, men det er grunn til å åtvara mot dette , for over tid vil dei faste kostnadane tilpassast auka produksjon. Ein kjøper gjerne større og meir effektivt utstyr dersom ein har meir areal ein skal nå over. Frå TINE effektivitetanalyse (EK) ser ein at maskin- og kapitalkostnadane ikkje fell med aukande produksjon, slik ein gjerne kunne venta. Det er grunn til å peika på at her er stor variasjon mellom bruka, og dei mest effektive har svært låge arbeids og maskinkostnader, medan det for andre vert kostnader som langt overstig kraftfôrpris.

I tabell 1 er sett opp produksjonskostnad der ein også har kalkulert arbeidskostnad. Arbeidsforbruket er henta frå handbok for driftsplanlegging (NILF). For variable og faste kostnader er nytta tal frå Tine Effektivitetsanalyse, Tine Sør sitt område i 2011.

I tabell 2 er sett opp pris grovfôr der alle faktorar dreg kostnaden oppover. Dette kan vera eit areal som ligg langt borte, dårleg arrondert, og har lågare avlingsnivå. Her har bonden også høge faste og variable kostnader.

I tabell 3 er sett opp pris grôvfor der alle faktorar dreg kostnaden nedover. Her er høgt avlingsnivå og låge arbeids og maskinkostnader.

Kraftfôr framfor leigejord

Ut frå dette oppsettet ser me at dei som har kostnader under middelet vil kunna betala for leigejord. Er kostnaden høgare, er det betre å kjøpe kraftfôr som kan erstatte grovfôr.

Eigne kostnader, effektivitet og time­løn avgjerande

Når ein skal fordele inntektene mellom innsatsfaktorane, er det altså ei rekkje variablar som spelar inn. Å ha oversyn over eigne kostnader og eigen effektivitet er avgjerande for om ein skal sitja att med gevinst, dersom ein skal delta på denne marknaden, elles kan ein fort gjera eit dårleg utgangspunkt endå verre. Dei mest effektive kan få god gevinst på å leige inn meir produksjonskapasitet. Krav til eiga timeløn er også sentral i berekningane, og kan sjåast opp mot alternativ inntekt.

Tabell 1. Pris grovfôr med kalkulert arbeidskostnad:

Avling 535 FEm pr da
Gjødsel, ensilering, såfrø mm Kr 0,68  pr. FEm
+ Arbeidskostn , 3,0 timar pr da, a kr 175 Kr 1,00 pr FEm
+ Faste maskin- lager og rentekostnader Kr 1,70 pr FEm
= brutto produksjonskostnad Kr 3,38 pr FEm
– Areal og kulturlandskapstillegg( sone Jæren) Kr 0,36 pr FEm
= grovfôrkostnad Kr 3,02 pr FEm

Tabell 2: Pris grovfôr med kalkulert arbeidskostnad

Avling 400 FEm pr da
Gjødsel, ensilering , såfrø mm Kr. 0,86 pr FEm
+ Arbeidskostn , 3, 5 timar pr da a kr 175 Kr. 1,50 pr FEm
+ Faste maskin- lager og rentekostnader Kr. 2,50 pr FEm
= brutto produksjonskostnad Kr. 4,86 pr FEm
– Areal og kulturlandskapstillegg ( sone Jæren) Kr. 0,48 pr FEm
= grovfôrkostnad Kr. 4,38 pr FEm

Tabell 3 med kalkulert arbeidskostnad

Avling 650 FEm pr da
Gjødsel, ensilering , såfrø mm Kr. 0,50 pr FEm
+ Arbeidskostn , 1,9 timar pr da a kr 175 Kr. 0,50 pr FEm
+ Faste maskin- lager og rentekostnader Kr. 1,00 pr FEm
= brutto produksjonskostnad Kr. 2,00 pr FEm
– Areal og kulturlandskapstillegg ( sone Jæren) Kr. 0,30 pr FEm
= grovfôrkostnad Kr. 1,70 pr FEm

 

Stikkord denne saka: