Det er ikkje uvanleg med ei kapitalbinding på 30-40.000 kroner pr. mordyr i oppstartsfasen.

Det er ikkje uvanleg med ei kapitalbinding på 30-40.000 kroner pr. mordyr i oppstartsfasen.

Kva er dei kritiske faktorane og korleis får ein eit greitt økonomisk utbytte kring oppstart av ammeku-produksjon?

Andreas Lundegård og Harald Pedersen,
Økonomirådgjevarar Tveit Regnskap AS

Underskotet på norsk storfekjøt er vedvarande og dels aukande. For å bøta på dette er det eit uttalt nasjonalt mål at ein skal auke ammekupopulasjonen med over 4.500 mor-dyr i året. Deler av denne auken kan sjølvsagt skje på eksisterande bygningsmasse og overgang mjølkeku til ammeku, men ein kjem ikkje utanom at det må til ei betydeleg nyetablering om skal ein nå dei måla som er sett.

Start med ein analyse

Før du startar opp med ammeku kan det vera lurt å gjera ein snaranalyse om kva personleg kompetanse og interesse ein har som produsent, og av dei ressursane ein rår over på gardsbruket. Ammeku er ein langsiktig produksjon, som stiller krav til stayer-evne til deg som produsent. Krev du rask mynt i kassa og snarlege resultat er nok dei kraftfôrkrevjande produksjonane rettast for deg. Det å produsere storfekjøt på ammeku er ein prosess som tek tid, opp mot 3 år, frå du kjøper avlsdyr til du har pengar på konto. Vidare er husdyrinteressa avgjerande, for å lukkast i produksjonen må ein ha fokus på kua og kalven.
Ein analyse av kva ressursar du har på garden er også avgjerande. For å oppnå tilfredstillande økonomi i produksjonen må grovfôrtilgangen vera god, enten ved å ha gode beite eller god tilgang på innhausta fôr. Har du mykje og tråkksterke beite kan mange mordyr, og sal av livkalv vera det rette for deg. Medan ein gjerne bør rette seg inn mot litt færre mordyr og heller framfôring, om beiteressursane er avgrensa og ein har rikeleg med slåtteareal.

Vurder bygningsmasse

Når snaranalysen av bonde og gard er utført, og ein framleis er fast bestemt på at dette er noko ein vil, gjer ei vurdering av kva bygningsmasse du har tilgjengeleg. Økonomien i ammekuproduksjonen har vorte betre dei siste åra, men framleis er innteninga slik at ein må jobbe for å halde dei faste kostnadane nede. Kan ein nytte eksisterande bygg og eventuelt gjera enkle tilpassingar eller ombyggingar, er det gunstig. Men lausdriftskravet ligg der for ammekyrne også, slik reglane føreligg nå skal kyrne skal vandre fritt etter 2024.
Mange reiser bygg som er mest identiske med mjølkefjos, det einaste som manglar er mjølkeroboten. Då seier det seg sjølv at dette blir kostbart og belastar tungt botnlinja til bonden. Ein må ta med seg det faktum at ammekyrne er ute meir enn halve året. Dette må ligge i botn når ein konstruerer bygget.

Kostnadsvurdering ved nybygg

Skal ein byggje nytt er det fleire forhold ein bør legge vekt på: Plasser byggjet slik at beiteressursane ligg lett tilgjengelege. Ikkje for langt vekke frå tunet, det kostar å framføra både vatn og straum.
Vel ut ei tomt som ikkje krev for mykje grunnarbeid, denne posten har vore aukande seinare år, jfr. skyting og massetransport. Betongarbeid kan òg vera ein av postane som driv kostnaden oppover. Vel ein gjødsellager under bygget, eller kanalomrøring, vil dette medføre meir betongarbeid. Ein bør gjerne, i større grad, rette blikket mot tette golv med gjødseltrekk og lagring av gjødsel i utvendig lager. Dette er i alle fall kostnadssparande.
Breie bygg gir ofte dyrare overbygg, planlegg gjerne litt smalare og heller litt lengre. Materialvala i overbygget påverkar kostnaden. Stålkonstruksjon er solid og kjapt å setje opp, men vil ein gjera eigeninnsats er dette ofte enklare på eit bygg med overbygg i tre (trevegger og takstolar).
På i-mek og fôringssida bør ein vera seg bevisst om at halve året haustar dyra fôret ute på beite. Eit utvending fôrbrett kan vera kostnadssparande både på bygg og for fôringsregimet. Ein kan kanskje nytta traktor og eksisterande utstyr til fôring av grovfôr. Vel ein innvendig fôrbrett kan fôring med minilastar/liten traktor vera ei god løysing. Automatiske fôringsanlegg, med til dømes fullfôrblandar, blir kostnadsdrivande, og gir heller ikkje det fôringsmessige meirutbyte på ammeku, som ein vil ha på mjølkeku.

Kapitalkrevjande produksjon

Ammeku-produksjonen er ein langsiktig produksjon som gjer produksjonen relativt kapitalkrevjande. Ei ammeku kostar gjerne mellom 20-30.000 kr i innkjøp, vidare bind ein kapital i fôr og andre driftskostnader fram til inntektene kjem. Det er ikkje uvanleg med ei kapitalbinding på 30-40.000 kroner pr. mordyr i oppstartsfasen. Om du startar frå botn, av må du rekne eit driftskapitalbehov på 1 – 1,2 million kroner til ein flokk med 30 ammekyr. Det er viktig at dette blir innkalkulert når ein finansierer utbygginga.

Produksjonsfasen

Når ein så er komen i gang som ammeku- produsent, kva er det som skal til for å lukkast?
Å ta vare på kalven er heilt avgjerande. Dei som lukkast økonomisk har generelt mange fødde kalvar pr. ku og låg kalvedødelegheit. Viktige faktorar her er rett fôring i gjeldkuperioden for å unngå feite kyr og kalvingsvanskar, og å sikra at kalven får i seg nok råmjølk. Ein kalv i god vekst vil ha kortare oppfôringstid, lågare fôrforbruk pr. kg kjøt og ofte betre klassifisering med betre utbetalingspris for slaktet.
Dei produsentane som lukkast best har stort fokus på produksjon og dyr. Dei nyttar tid hjå dyra, både i innefôringstida og i kalvings- og beiteperioden, med særleg stor innsats i kalvingstida. Tekniske hjelpemidlar kan hjelpa ein del, men eigeninnsatsen må vera der. Det har og med husdyrinteresse å gjera og mange har stor interesse for avl. Avlsoksen gir mykje av grunnlaget for dei framtidige produksjonsinntektene
og mange av dei dyktigast produsentane har stort fokus på val av avlsokse og/eller semin.
Ein lang og god beitesesong er normalt ein viktig suksessfaktor. Val av rase blir tilpassa ressursgrunnlaget på garden. Har ein tilgang på mykje utmarksbeite og lite dyrka jord, er dei lette rasane som Hereford og Angus ofte å føretrekkja. Har ein tilgang til mykje dyrka jord og innhausta grovfôr, og i tillegg har gode og tråkksterke innmarksbeite med godt grasdekke, gir dei tyngre rasane som Limousin og Charolais ofte det beste økonomiske resultatet.
Vi kan til slutt koma med eit økonomisk døme på kva utslag god og mindre god drift får på botnlinja.
Dømet viser to tenkte ammekuprodusentar, både med 50 mordyr. Den eine er god på både driftsleiing og hald av dyr, den andre gjer så godt han kan, men når ikkje heilt opp verken på leiing eller dyrehald.

Føresetnadar:

  • 50 årskyr, same areal.
  • Dekningsbidrag pr. ammeku: kr 10.000 for den gode og kr 6.000 for den mindre gode.
  • Ulik optimalisering av drift i høve tilskotssystemet.
  • Litt ulik fokus på faste kostnader, mellom anna endar den eine opp med byggjekostnad på 3 mill. kr og den andre 4 mill. kr for identiske bygg.
  • Den eine er god til å prute med banken og oppnår rente på 3 %, den andre 4 %. Same avdragstid.
Bv15.indd

Som ein ser er det mange faktorar som påverkar om ein lukkast økonomisk, eller ikkje, som ammeku-produsent. Vurderer du å starte med ammeku-produksjon og bruksutbygging, bruk god tid på prosessen før ei utbygging, besøk andre bønder og lær av deira erfaringar – og kombiner dette med kjennskap til deg sjølv og eigen gard.

 

Stikkord denne saka: , ,