image description

Det er stor forskjell på om du er heiltidsbonde eller har lønna arbeid i tillegg.
Harald Selsaas,
Tveit Regneskap AS, Ølen

Sjukepengar til næringsdrivande

Om du blir sjuk, må du krevja sjukepengar til å dekka det inntektstap du har på grunn av sjukdom. Folketrygda trer inn etter 16 dagar. For arbeidstakarar er det arbeidsgjevar som dekker dei første 16 dagane. Som næringsdrivande er du ansvarleg sjølv. Sjukepengane blir utrekna frå ditt sjukepengegrunnlag. Som næringsdrivande er grunnlaget gjennomsnittet av pensjonspoengtalet for dei tre siste inntektsåra. Det er personinntekta som gir rett til sjukepengar, ikkje næringsinntekta. Så når rekneskapsføraren prøver å forklare skjemaet for berekning av personinntekt, så ver litt på hogget og gjer deg opp ei meining om kva som er best for deg. Sjukepengegrunnlaget er avgrensa oppover til seks gonger grunnbeløpet (G). For å få betre dekningsgrad kan ein teikne forsikring.
Som bonde vil du få 100 prosent av grunnlaget frå dag 17. Dei fleste andre næringsdrivande får dekka 65 prosent. Om du er nyoppstarta eller har endringar på minst 25 prosent i forhold til grunnlaget, kan du få fastsatt nytt grunnlag ved skjønn. Viktige moment som grunnlag for dette skjønnet vil vera innbetalt forskottsskatt, budsjett eller resultat siste år.

Sjukepengar til arbeidstakarar

Som arbeidstakar vil grunnlaget være den gjennomsnittlege vekeinntekta i ein bestemt periode før du blei sjuk, som regel dei siste fire vekene. Mange bønder har lønna arbeid utanom bruket og kan då få sjukepengar både som næringsdrivande og arbeidstakar, men avgrensa opp til 6G. Det er viktig å opplysa legen om at ein er både næringsdrivande og arbeidstakar når sjukemelding fylles ut og krav sendes inn. Sjukepengar faller bort for alle etter eitt år. Om du fortsatt er arbeidsufør, kan du søkja arbeidsavklaringspengar eller krevja uførepensjon. Staten hjelper deg altså til ein viss grad om du vert arbeidsufør. Mange bønder har eit større behov for inntekt enn 6 G, og dette er det viktig å ta med i risikovurderinga. Om du er bonde og avhengig av inntekter utanom bruket, er du ikkje så godt sikra om du blir sjuk, permittert eller mistar jobben.

Avløysing under sjukdom

For landbruket vil ordninga med avløyser under sjukdom vera til hjelp. I denne ordninga er det viktig å vera klar over at sjukepengar går inn som eigenbetaling, også dei du får som arbeidstakar. Denne ordninga er spesielt god for deg som er heiltidsbonde. Du har rett på refusjon frå dag ein ved sjukdom. Satsen per dag er no kr 1.500. Ein kan få tilskott ved sjukdom, svangerskap og fødsel, ved følge av sjuke born til sjukehus/spesialist, om barnet har ein kronisk sjukdom, og ved dødsfall.
Det er nokre vilkår som må fyllast for å få rett til sjukeavløysarmidler. Dei viktigaste er vel at personen som søkjer har minst ½ G i næringsinntekt, og at foretaket har rett på minst kr 5000 i ordinære avløysarmidler.
Pengane kjem ikkje av seg sjølv om ein er sjuk eller arbeidsufør. Ta kontakt med fastlege, kommune, avløysarlag og/eller rekneskapsførar, så får du hjelp.