Ei storhending: Norske Celina. Interessa internasjonalt for Celina er svært stor. Ved inngangen til 2020 var det planta i overkant av 1,1 millionar tre – av desse kring 35.000 i Noreg. Foto: Fruktforedlar Stein Harald Hjeltnes, Graminor, Njøs

Soga om Celina – ein ny norsk pæresort med verdssuksess.

Åsmund Bjørnstad
er professor emeritus i planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Pære får gjerne mindre merksemd enn storebror eple. Ein grunn er at norske pærer er så lite haldbare og fort blir overmogne. Gamle sortar som Gråpære må hermetiserast på glas for å vare. På boks finn vi oftast Williams-pæra, og fersk er den importerte Conference «pære» i fruktdiskane. Men dei siste åra har den nye norske sorten Celina stundom vore å finne. Det er ei storhending som fortener meir merksemd.
Pærer er ei mangslungen gruppe, med minst 20 artar som veks frå Middelhavslanda til Japan. Den saftige «europeiske » pæra stammar frå villpærer kring Kaukasus, medan vi er mindre fortruleg med den «asiatiske» med opphav i Kina. Ho er rund, sprø og litt gryna i kjøtet og finst i blant i «Asia-butikkar». Fordi tre av fire pærer blir produsert i Kina, er denne pæra langt meir dyrka enn vår.

Pæra vart tidleg verdsett. Alt for nær 3000 år sidan prisa Homer pæra som «ei Guds gåve» (i fint lag med granateple, oliven og druer). Den romerske historikaren Plinius nemner 40 sortar, i tillegg til kunnskap om poting og dyrking. Etter romarriket tok klosterhagane vare på pæra (ofte til sider), og ho vart ei dobbel tyding skatta frukt også i Nord-Europa.
Fordi pærer er meir varmekjære og altså mindre haldbare, er verdsproduksjonen berre ein tredel av eple. Tida frå frøplante til berande tre er også betydeleg lenger, så foredling av nye sortar kostar meir. Derfor har gode sortar blitt pota og pota i hundrevis av år, i endå større grad enn for gamle eplesortar (Gravenstein er frå 1600-talet!).

Conference-pæra fekk såleis namnet sitt fordi den vann den nasjonale pærekonferansen i London i 1885. Fordi ho har så god lagringsevne (i kontrollert atmosfære året rundt) er sorten dominerande i norske fruktdiskar – og smaken det nordmenn flest i dag forbind med pære. Pæra Williams Bon Chrétien har anar tilbake til den franske kong Ludvig den 11. sitt dødsleie i 1483, då den heilage Frans av Paola gav han pærer for helsa. Fordi han var ein «god kristen» («Bon Chrétien»), fekk sorten det namnet. Kring 1765 ala ein engelsk gartnar fram eit avkom, som så kom i planteskulen til ein Williams, som kring 1788 kalla sorten opp etter seg sjølv. Sorten slo til i England, og kom få år etter til New England, men utan namnet, så seljaren der, ein Enoch Bartlett, kalla den Bartlett. Slik fekk verdas største pæresort to namn – og med tida 150 synonym og dertil raud og grøn farge og «pæresmaken » for svært mange. På Balkan er Viljamovka eit høgt verdsett pærebrennevin, somme merke med ei heil pære inne i flaska. I ein fransk konjakk går det med 10 kilo pærer til ei flaske.
Sidan pære er varmekjære, hadde vi få norske lokalsortar, og ingen fekk særleg omsetnad. Det same gjeld dei gamle utanlandske sortane. Mangel på nye og betre sortar er hovudgrunnen til liten norsk produksjon.

Difor er dei nye sortane Celina og Kristina (god pollensort) frå Graminors foredling på Njøs i Leikanger ei storhending – men ho har tatt tid.
Celina er nemleg avkom etter ei kryssing mellom den franske Broket Juli og nettopp Williams, utført på fruktstasjonen Balsgård i Skåne i 1985. Som pærefrø i ein «familie» av sysken kom ho så til Leikanger og blei lagt i kjøleskåp i tre månader for å bryte frøkvila. Så venta veksthus og frøplanteseng, til Celinatreet fekk plass i eit frøplantefelt i 1988, der det alt i 1990 nådde 219 cm høgd. Likevel blømde det ikkje før i 1995, altså ein «ungdomsfase» på 10 år. Pæreforedlaren Stein Harald Hjeltnes og andre i staben merka seg då både smaken, fargen og forma. I 1997 blei det pota, planta ut og dei fyrste trea blømde i 2001. Det lova godt og potekvist send til prøving i Ullensvang, på Ås og i Holland, Belgia, Frankrike og Sør-Afrika (i 2005). Slike lovande tre er særs verdfulle, og i 2010 søkte Graminor om vern av sorten under namnet ‘Celina’. Dette tok òg tid, for treet vart altså ikkje døypt under namnet Celina før det var 13 år etter første utvalet (og 25 år etter foreldra blei kryssa)! Smaken er mest som Williams, men forma liknar meir Broket Juli. Fargen varierer ein del med veksestaden.

Kommersielle forsøksplantingar i Noreg vart planta i 2012. Interessa internasjonalt for Celina var svært stor, og i 2013 kom dei fyrste plantingane i Belgia og Sør-Afrika, så i Spania, Frankrike, Slovakia, Austerrike, Sveits, Italia og Marokko. USA, Australia og Chile ligg i startgropa for å planta. Ved inngangen til 2020 var det planta i overkant av 1,1 millionar tre – av desse kring 35.000 i Noreg. Graminor har alle rettar i Noreg og internasjonalt, medan belgiske partnarar marknadsfører Celina ute i verda under varemerket QTee ®. Graminor får inntekter både av sal av tre og import av frukt, og rettsvernet varer til 2047, så inntekta kan bli monaleg, og vera eit viktig bidrag til å legge grunnen for nye sortar både av eple, pærer, plommer, bringebær og jordbær frå Njøs.
Det er sjeldan at ein pæresort kan dyrkast i så ulike klima. Den toler frost, men treng mindre vinterkulde enn sortar flest. Sorten er normalt sein her, men tidlegsort lenger sør, mogen før Conference der den er hovudsorten. Lagringsevna overgår andre tidlegsortar, så difor kan vi få sørafrikansk Celina i handelen på etterjulsvinteren.

At norske sortar slår til utanlands, er likevel hyggelege unnatak. Vi importerer sjølve sortar i mange vekstar – men er det dei beste sortane vi kunne fått? Vi ligg på dyrkingsgrensa for fleire vekstar enn pære. Som Celina syner, er dette langsiktig arbeid der Graminor AS (ått av Felleskjøpet, Staten m.fl.) og forskinga ved NMBU og NIBIO drar i lag. Celina viser vidare kvifor bøndene bør stø aktivt opp om norsk sortsutvikling. Må tru om ikkje planteforedlinga ville stått sterkare som samvirke, lik dei andre avlsorganisasjonane? Med dyrkarar landet rundt som aktive medlemer og kyndige forsøksvertar, alltid på utkikk etter nye sortar?
Og for alle andre, spør etter Celina i planteskulane og i fruktdisken!