bv46_fag

Meir varme gir lengre vekstsesong og meir avling. Meir nedbør gir kortare tid til innhausting. Korleis ta vare på grovfôret under slike tilhøve?

Liv Kristin Sola, Bondevennen

 
I samband med leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag, inviterte Bondelaget, Tine, Nortura og Felleskjøpet til AgroNordVest 2016 – Dyrking og fôring for framtida. Liv Østrem frå Nibio Fureneset, var ein av innleiar­ane. Ho ga nokre frampeik på korleis grasdyrking på Vestlandet kan verte i ein kvardag som vert varmare og ­våtare.

Høgare temperatur og meir nedbør

– Vekstsesongen vert lengre og våtare, og meir nedbør kjem som regn, ikkje som snø. Effekten av denne utviklinga er allereie merkbar, slo forskaren fast.
Siste normalperiode for måling av temperatur og nedbør, var perioden frå 1961 til 1990. Østrem har over lengre tid målt og observert korleis vêret har endra seg. Frå 1991 og fram til i dag, har nedbørsmengda i Bergen dei første 4 månadane i året, auka med totalt 190 mm samanlikna med siste normalperiode. I Førde er auken på 174 mm.
I same periode, har temperaturen auka med mest 1 grad dei 4 første månadane. I Førde er auken på 1,3 grader i same tidsrom, ifølgje forskaren.

Auka årsvariasjonar

Østrem peika på dei store variasjonane frå eitt år til eit anna.
– Variasjonen i juli er på heile 200 mm. Det er mykje større variasjon enn i mai og i juni. Gjennomgåande er mai og juni dei tørraste månadane, sa Østrem.
Store årsvariasjonar gjer det vanskeleg å planlegge frå år til år. Ustabilt vêr gir kortare tidsrom for innhausting. Det er ei utfordring med tanke på å hauste grovfôr av god kvalitet.
– 2014 vart eit super-år, med store avlingar og god kvalitet. 2013 var eit år med fôrmangel, noko som ga etterdønningar langt inn i 2014, sa Østrem.

Lengre vekstsesong

Forskaren understreka at ein auke i temperaturen på 1 grad, har myke å seie for kor tidleg vekstsesongen kjem i gang, spesielt med dei vintertemperaturane som er på Vestlandet.
Innstråling frå sola er omtrent lik den 10. april som mot slutten av august. Skilnaden er at april og mai har mykje mindre nedbør. Det betyr at ein lengre vekstsesong har større verknad tidleg om våren, med lange dagar, høg innstråling og ein mykje høgare vekstrate enn seinare på året.

Store lokale variasjonar

Med ein lengre vekstsesong, trengst det sortar som er i vekst ut over hausten. Ikkje mykje, men nok til å dra nytte av temperaturen og moglegheitene til vekst og lagring av næringsreservar, også ut over hausten.
Tilhøva kan vera svært ulike, sjølv på korte avstandar, noko som må takast omsyn til i val av grasartar. Grasartane må vera tilpassa drifta på garden; dyrkingsområdet, type produksjon og kva mål ein har for drifta.

Tre ulike typar grasartar

Strågras: Timotei, bladfaks og strandrøyr
Bladgras: Engsvingel, strandsvingel, hundegras, engrapp, fleirårig raigras og raisvingel.
Belgvekstar: Raudkløver, kvitkløver og luserne.
Artane er ulike med tanke på næringsinnhald, tørketoleranse og kor godt dei eignar seg til ensilering, til produksjon av høy og til beite. Strågras set aks i attveksten, og er meir utsett ved beiting enn bladgras. Bladgras er betre til overvintring enn strågraset.
– Les såvarekatalogane til dei ulike leverandørane. Dei inneheld utruleg mykje god og nytting informasjon, oppmoda forskaren.

Såvarer tilpassa drifta

Østrem oppmoda til meir bruk av strandsvingel. Strandsvingel har, ifølge forskaren, interessante eigenskapar med tanke på norske tilhøve.
– Strandsvingel er tørkesterk, overvintrar godt, har sterk gjenvekst og gir betre avling enn engsvingel, som er i same familie, sa forskaren.
Ifølgje Østrem, utgjer frøblandingar 90 % av såvaresalet. Blandingane inneheld 2 til 6 ulike artar, ein kombinasjon av strågras, bladgras og belgvekstar.
Intensiv drift med 3 slåttar er dominert av bladgras. Fleirårig raigras kan overvintre også mange stader på Vestlandet. I tillegg er raisvingel (raigrastype) og strandsvingel aktuelle for 3 haustingar. Reine sortar som raisvingel har vore nytta ein del i Sogn og Fjordane. I tillegg er hundegras og bladfaks aktuelle sortar i reinbestand, eventuelt bladfaks i lag med timotei.

Vintersterke sortar

– Planter avsluttar vekst etter daglengde og temperatur. Det er viktig å hugse på no som me ser endringar i dei klimatiske tilhøva.
Østrem var noko kritisk til at nordlege sortar vert karakterisert som vintersterke. Ho viste til eit forsøk der sørlege og nordlege sortar vart testa ut under vestlandsk vinterklima.
– Vintersterke sortar eignar seg dårleg på vestlandet. Aktuelle sortar må testast på staden under dei tilhøva dei er meint til å veksa under.
Forskaren understreka at dei klimatisk tilpassa sortane uansett har størst vinterstyrke. Ikkje på grunn av vinteren, men på grunn av hausten. Sørlege sortar kjem betre ut på grunn av at dei held på den grøne bladmassen om hausten. Ho viste til engrapp, timotei, engsvingel og raigras som vintersterke sortar.

Lengre og våtare vekstsesong

Medan mange område har problem med frostvintrar, er nedbør og vassmetta jord, spesielt i periodar om hausten, største utfordringa for Vestlandet framover.
– Vestlandet må tilpasse seg ein lengre og våtare vekstsesong, sa Østrem.
Lengre vekstsesong gir auka produksjon som må handterast på ein klok måte. I dag er to hovudslåttar det dominerande på Vestlandet. Vêret og kostnaden spelar inn på korleis ein tilpassar seg. I tillegg har mange stadig lengre transportavstandar for å få heim grovfôret.
– Auka nedbørsvariasjon gir kortare hausteperiodar. Det er noko me må diskutere meir. Kan hende skal me tilpassa drifta til eit meir fleksibelt hausteregime? Ikkje to eller tre slåttar, men ei blanding?, utfordra Østrem.

Varierande hausteregime

Forskaren trakk fram ei samdrift i heimbygda, som eit døme på eit tilpassa og fleksibelt hausteregime. Samdrifta haustar gras på 330 dekar. 280 dekar ligg på dei tre gardane som høyrer til samdrifta, i tillegg leiger dei jorda på to gardsbruk.
Spire surfôr pluss 10 dominerer. I tillegg har dei ei noko gammal eng. To eller tre slåttar vert planlagd ut frå korleis veret er tidleg i vekstsesongen.
50 dekar som ligg 2 km vekke er sådd med Hykor raisvingel, og vert hausta tre gonger. Leigearealet på totalt 100 dekar, ligg 13 og 25 km vekke, og vert hausta to gonger.
Ulike sortar og blandingar og ulike tal slåttar betyr at starttidspunktet for slåttane varierer. Det gir eit betre utgangspunkt for å oppnå betre kvalitet på avlingane. I staden for å hauste alt på ein gong, kan dei nytta kortare periodar med godt ver. Det negative er at det kan gå ut over ferieavvikling, var meldinga frå samdriftsleiaren.

Tenka annleis for å sikre kvalitet

– Me må ta inn over oss dei klimatiske endringane, med lengre vekstsesong, større produksjon og våtare klima, sa Østrem.
Ho ønska seg meir merksemd rundt tilpassa driftsopplegg, betre kommunikasjon og samarbeid mellom bønder, forskarar og rådgivarar, og meir diskusjon rund fleksible opplegg tilpassa det enkelte gardsbruket. Leigeareal ligg på ulik klimatiske stader, lang transport, kortare tidsrom for innhausting.
– Skal me klare å oppnå god kvalitet på grovfôret i ei våtare framtid, må me truleg tenke nytt rundt hausteregimet. Ulike sortar og ulikt tidspunkt for slått, gir meir avling av betre kvalitet. Slik at me tar vare på dei fordelane som klimaendringane gir, med auka avlingsmengd på grunn av lengre vekstsesong.

Korleis oppnå gode avlingar i eit våtare vestlandsklima?

Geografi og klima i Sogn og Fjordane er så varierande at ein ikkje kan seie noko generelt med tanke på val av sortar, MEN sortane må vera tilpassa dyrkingsområdet.
Bruksområde må vurderast, kort eller langvarig eng, beite, eller ein kombinasjon av slått og beite.
Ta omsyn til store lokale variasjonar
Slåtteregime bør ligga til grunn for kva for blandingar som vert føretrekt.

Stikkord denne saka: